Kjetil Reite

— Det var vanvittig artig, det er eit heilt rått alpint landskap der inne, seier Arne Litlere etter at han 17. mai sette utfor ei nærmare 55 grader bratt helling i Hurrungane. Saman med Jørgen Aamott og svensken Fredrik Eriksson gjennomførte han den første nedkøyringa frå ryggen mellom Vesle Skagastølstind og Sentraltind.

Du treng altså ikkje lenger vere klatrar for å gjere prestisje i fjellsportmiljøet rundt det nye Turtagrø Hotel. No er eit nytt miljø med topptur-entusiastar i ferd med å etablere seg under tindane i Hurrungane.

— For hundre år sidan var det klatring, så kom ein ny epoke på 70-talet med teknisk klatring og no er det etablert eit heilt nytt miljø med ski, seier hoteldirektør Ole Drægni.

Ifølgje enkelte av dei rundt 250 deltakarane på topptursamlinga i helga, har enkelte av skientusiastane køyrd på stader det for to år sidan var utenkeleg å setje utfor.

— Ser du på fjella no, ser du skispor på stader der det aldri før har vore skispor, seier Anders Waage Nilsen, redaktør i skibladet Fri Flyt som arrangerte topptursamlinga.

Han vil etablere Turtagrø som eit senter for frikøyring i bratte fjellsider.

NYE TURTAGRØ: Nå står nye Turtagrø Hotel klar til å ta i mot turistene igjen.
Foto: Rune Sævig