Denne vil bli utstyrt med same type metallstripe som 500-kronerssetelen har. Ei slik stripe er svært vanskeleg å kopiere, og det er enno ikkje registrert forfalskingsforsøk med den nye 500-lappen.

I fjor stod uekte 200-lappar for over halvparten av alle registrerte forfalskingar. Sikkerheitstråd, vassmerke, fluoriserande effekt på setelen og kopartrykk har ikkje vore nok til å stoppe flommen av juksepengar.

Rundt om i bankskrankane er det plassert eigne lysapparat som avslører falske setlar. Men det forutset at funksjonæren først fattar mistanke — bankane har ikkje kapasitet til å undersøkje kvar enkelt setel.

Dei som let seg freiste til å starte sitt eige seteltrykkeri, er sikra ei streng straff om dei blir tekne. Minimumsstraffa er tre års fengsel, og Høgsterett har ifølgje Aftenposten konsekvent gitt syndarane fengsel utan vilkår for delar av dommen.