Nok ein gong er industristaden ved Sognefjorden med i sluttkampen om ei industrietablering i Norge. Sist var for to år sidan, då det internasjonale selskapet Promex til slutt valde å leggje produksjonen av silika til Glomfjord i Nordland i staden for Høyanger. Tilbake stod sognebygda som taparen i kampen om 40 arbeidsplassar.

Industriproduksjon

Og som den gongen er det lokala til den nedlagde Slugfabrikken som blir vurdert som interessante for ny industri. Eigentleg var planen å presentere etableringa klokka 13 i går, men kunngjeringa vart i siste liten utsett. Ny dato er 2. september.

Sidan Hydro Aluminium sa opp dei 75 tilsette og avvikla Slugfabrikken for tre år sidan, har det vore arbeidd for å få ny aktivitet inn i industrilokala. No kan arbeidet vere nærare suksess enn nokon gong før.

Høyanger-ordførar Kjartan Longva stadfestar at ei gruppering vurderer å satse på ny industriproduksjon i dei tomme fabrikklokala, men held elles korta tett til brystet. Han legg ikkje skjul på at erfaringane frå då Promex skulle starte silikaproduksjon i Høyanger er ein av grunnane til det. Etter at alt såg ut til å gå mot etablering i Høyanger, snudde Promex i 12. time og valde Glomfjord.

Longva vil verken kommentere kven som står bak planane eller kva type industriproduksjon det er snakk om. I går gjekk sterke rykte i Høyanger om at eit svensk firma står bak, men det avviser Longva kategorisk.

50 arbeidsplassar

— Dei som står bak dette er ei gruppering. Dei har vore i Høyanger to gonger og sett på forholda, opplyser ordføraren.

Høyangerordføraren stadfestar at også andre plassar blir vurdert som interessante for lokalisering av industriprosjektet, men vil ikkje ut med kva stader det er snakk om. Men etter det Bergens Tidende kjenner til skal både Husnes og Sunndalsøra ha vore vurdert.

Ein avtale om etablering skulle etter planen vore presentert i går, men interessentane som står bak industriplanane har bedt om nye 14 dagar til før dei bestemmer seg. Kor vidt dette har samanheng med at industrigrupperinga vil vurdere dei andre aktuelle stadene nærare, er ukjent.

— Dei ville ha noko meir tid, og det skal dei få, er Longvas knappe kommentar.

Hydro Aluminium eig framleis lokala til den tidlegare Slugfabrikken, men interessentgruppa har forhandla med Høyanger kommune. Etter det Bergens Tidende kjenner til er det snakk om ei bedrift med kring 50 arbeidsplassar.