Dei nye representantane er Ole Erik Al-menningen, Anders Midttun og Randi Kirsten Flatlandsmo Røthe. Sistnemnde var varamedlem sist. Ingjerd Skogseid kom inn som ny varamedlem.

Generalforsamlinga godkjende rekneskapen og utbetaling av 62 kroner per aksje i utbytte.

Styret fekk fullmakt til å henta inn ansvarleg lånekapital, og kjøpa opp eigne aksjar.

Vedtektene vart endra i samsvar med endringar i normalvedtektene for forretningsbankar. Mellom anna får ikkje banksjefen lenger vera medlem av styret.