— Forhandlingar med rutelaget førte ikkje fram fredag, dei held fram over nyttår, opplyser Norsk Maskinistforbund sin advokat Sigmund Z. Berg til Bergens Tidende.

Den erfarne maskinisten midt i 50-åra blei sagt opp saman med to matrosar og to offiserar, trass i at blodprøven viste null promille. I motsetnad til HSD hevdar maskinisten at han ikkje braut åttetimarsregelen om alkoholforbod før vakt, og at han ikkje merka noko unormalt ved dei andre mannskapa denne torsdagsmorgonen då ferja mellom Kvinnherad og Stord nær køyrte på land tvers av Sunde ferjekai.

Det er kapteinen som skal ha stått til rors under dei spesielle manøvrane. Styrmannen viser til at han kom på vakt på brua først seinare. Han har varsla rettssak mot HSD etter oppseiinga.