Masfjorden taxisentral får konsesjon til å driva drosjeformidling i Masfjorden kommune. Sentralen skal ha haldeplassar på Masfjordnes, Hosteland og Solheim. Tre løyve og to reserveløyve vert knytte til sentralen.

Nå taxisentral i Ullensvang får konsesjon for kjøreområde Ullensvang vest, Kvitno til Lilleås. To løyve er knytte til sentralen.

Indre Hardanger Taxisentral sitt konsesjonsområde vert Ulvik og Granvin herad og Ålvik i Kvam. Sentralen skal ha haldeplass i alle herada. I Ulvik er det to løyve, eit reserveløyve og to turvognløyve som vert knytte til sentralen. I Granvin er det eitt løyve og eitt reserverløyve som går inn i sentralen pg det same i Ålvik.