Inni er dei i like stor grad provisoriske. To stemnetoalett etter kaggeprinsippet, med høve til handvask i kaldt vatn, er skifta ut med to andre av nyare dato.

— Vi er lova enda betre toalett til påske, også det blir provisorium, men kanskje med varmt vatn i tillegg, seier ein oppgitt grunneigar, Ragnhild Mjør.

Gratis tomt

Ho har stilt gratis tomt til disposisjon for nytt, permanent toalett ved biloppstillingsplassen, men føresetnaden var at det skulle koma på plass før sommarsesongen. No vurderer ho å trekka tilbodet attende. Dermed kan Vegstellet få enda eit problem.

Eit møte på Kvanndal Kro i går konkluderte med at det ikkje er praktisk mogeleg å få et skikkeleg toalett på plass før til hausten. Arkitekten kom i gang med sitt arbeid i går.

Sven-Helge Pedersen i Granvin Næringsforum hadde teke initiativet til møtet. Han konstaterer at folk skyr dei provisoriske toaletta.

— Dei reisande tek alternative løysingar i bruk for å hjelpa seg, fortel han.

Vil om bord

Bak busker, fjøresteinar og husnover vart nemnde som alternativ. Og ferjemannskapet opplever at folk vil om bord i ein fart når ferja klappar til kai, ikkje heilt ufarleg når bilar er på veg i land.

Kommunelege Gunnar Hetland i Granvin er skeptisk til provisorar utan vassklosett i sommarvarmen. Han kan påby stenging, men det har like for seg når han ikkje har heimel til å påby nybygg. Kommunelegane i Ulvik og Eidfjord har nyleg sett på toalettilhøva i Bruravik og på Brimnes. Merknadene er kritiske.