Sjekken pålydande fem tusen dollar er overlevert institusjonen av amerikanarane sine vener på Tysnes.

Pengane går truleg til utskifting av dei slitne stolane i daglegstova, fortel sjukeheimstyrar Helga Nilsen Boland til bladet Sunnhordland.

Bakgrunnen for pengegåvene er ekteparet Sprinklers takksemd over at fru Sprinklers tante, Lorentse Kongsvik fekk gode år på sjukeheimen.

Kvart år sidan ho døydde i 1994, med unnatak av eitt år, har det kome ein sjekk frå USA til fellestiltak ved institusjonen.