JOHN LINDEBOTTEN

Det er nye og betre vegar det er snakk om, frå Åsane til langt opp i Nordhordland. 3,5 milliardar kroner trengst for å gje eit nær fullgodt vegtilbod i regionen, har Regionrådet for Nordhordland og Gulen rekna ut. Men truleg må lista leggjast litt lågare.

Regionrådet for Nordhordland såg for nokre dagar sidan nærare på eit par notat frå Norconsult der aktuelle prosjekt vert drøfta, og der det og var skissert ulike opplegg for bompengeinnkrevjing.

— Samferdsleutvalet i regionrådet skal no bruka nokre veker på å sortera og plukka det som vi meiner koma med i bompengepakken. Samstundes vil vi då uttala oss om finansieringa, og om opplegget for bompengeinnkrevjing, seier leiar for regionrådet, Masfjord-ordførar Håkon Matre (H), til Bergens Tidende.

Bom på same staden

Konklusjonane skal leggjast fram for representantskapet i regionrådet 23. august. Derfrå går saka vidare til dei einskilde kommunane. Etter fråsegner og ny gjennomgang, går saka til fylkeskommunen, som utpå vinteren skal vedta forslag til handlingsplan for heile Hordaland. Dette skal så vidare til Stortinget, som før sommaren neste år vedtek handlingsplanen til Nasjonal Transportplan.

I eit notat om saka frå Norconsult, kjem Olav Lofthus svært nær den konklusjonen at den nye bommen eigentleg kan setjast opp på staden der bompengebuene står i dag. Buene skal rett nok fjernast nå brua er ferdig betalt om ca. halvtanna år, men etter tre-fire år med gratis køyring, må bilistane punga ut att, og då truleg med brikke på frontruta, slik som i bompengeringen i Bergen.

Ingen smutthol

Olav Lofthus føreslår ulike modellar for bompengeinnkrevjing, m.a. ein bompengering rundt Knarvik, men kjem til at den enklaste og alt i alt mest rettvise måten å krevja inn pengar på, er gjennom eitt einaste punkt mellom Flatøy og Klauvaneset. Med andre ord på Nordhordlandsbrua.

I Nordhordland har mange teke til orde for å plassera ein bomstasjon på Bergens-sida, og slik at dei som ville, kunne finna ein gratis veg vidare mot byen. Dikstriktsvegsjef Olav Finne sløkkjer alle slike voner.

— Eg må visa til den lokale semja om bompengane mellom Bergen og Os. Der vert det bompengar både på dagens riksveg til Os, men også på Fanafjellet. Rett og slett for å unngå for stor trafikk på denne vegen. I nord har vi vegen mot Salhus som eit mogleg smutthol. Men den vegen toler heller ikkje særleg meir trafikk enn i dag, seier Finne.

20 prosent stat

— Nei, det vert nok vanskeleg å få Statens vegvesen med på noko slikt. Eg tvilar sterkt på at det går, medgjev Håkon Matre.

På dette stadium er det uvisst kor stor del av investeringane som må dekkast med bompengar. Men i Vestlandsrådet sitt innspel til Nasjonal Transportplan står det aller største prosjektet, Nyborgtunnelen, oppført med 200 millionar kroner frå staten og 880 millionar kroner i bompengar, altså over 80 prosent bompengedel.

<b>SMUTTHOL:</b> Slik ser det ut frå Nordhordlandsbrua opp mot Hordviktunnelen. Her vil mange i Nordhordland setja bompengebommen. Då kan dei smita seg gratis til byen på vegen til høgre, som fører vidare til Tellevikvegen og til Hordvikvegen. Men Statens vegvesen vil ikkje tillata meir trafikk på desse vegane. Bommen må difor dragast attende til brua. FOTO: EIRIK BREKKE.