TERJE ULVEDAL

Etter ein avhøyrspause i helga, blir det i dag tatt opp nye politiforklaringar av den mistenkte Gaular-mannen. Dette skjer i Ålesund, der han sit varetektsfengsla.

Politiet konsentrerer no etterforskinga om å finne ut kva mannen har gjort og kvar han oppheldt seg i sentrumsområdet i Førde natt til søndag 6. juni. Avhøyra av omgangskrins, familie og andre vitne held fram.

— Vi er i ein kartleggingsfase der vi mellom anna avhøyrer vitne. Men kva desse fortel vil eg ikkje gå inn på, seier lensmann Kjell Fonn.

Søskenbarnet

Mellom vitna som er avhøyrde er den sikta sitt søskenbarn. Ho har tidlegare blitt intervjua anonymt av avisa Firda, og fortalt at sikta var hos henne i morgontimane drapsdagen.

Søskenbarnet har fortalt at ho høyrde han kom til husværet hennar i Bygstad, anten seint på natt eller tidleg søndag morgon. Ho kan ikkje seie eksakt kor tid dette var, fordi ho hadde lagt seg til å sove og ikkje såg på klokka. Ho stod sjølv opp litt over klokka ni, og då var 41-åringen vekke.

Kvelden før hadde dei to vore på same vorspiel, og reiste også i lag i drosje til Førde. Det siste kvinna såg til den no drapssikta slektningen var klokka 01.30 natt til søndag på utestaden Riverside.

DNA-spor

Det er DNA-spor som knyter sikta til drapet på sjukepleiestudenten frå Rogaland. Mannens DNA er funne på åstaden i Angedalsvegen. Han blei pågripen torsdag 7. oktober, og varetektsfengsla dagen etter. Gaular-mannen anka fengslingsavgjerda, men denne blei avvist.

22 år gamle Anne Slåtten blei drepen om morgonen søndag 6. juni. Ho blei tatt livet av då ho var på veg til jobb på Førde helsetun der sjukepleiestudenten tok ekstravakter. Drapstidspunktet er truleg like før klokka 0730, då det var meininga at ho skulle møtt på dagvakt.