Denne gongen er det snakk om at 25 tilsette må gå.

Ifølgje Sogn Avis er det stabs— og støt-tefunksjonar som no blir sett under lupa.

— Det er sørgjeleg at leiinga kastar folk ut i slike prosessar. Vi har nett vore gjennom eitt nedbemanningsprosjekt. Den prosessen er knapt landa før det kjem ein ny, seier Bjørn Øvstetun, leiar i Årdal kjemiske fagforeining.

Godt over 100 tilsette miste jobben ved verket i Årdal i 2009. No har den største fagforeininga fått presentert eit utkast til nye kutt i arbeidsstokken som dei skal vurdere denne veka.

— Vi skal kome med ei tilbakemelding, men her må det bli fleire møte på kva som er reelt og kva som ikkje er det, seier kjemiskleiaren.

Fabrikkdirektør Olaf Wigstøl seier ikkje noko er bestemt:

— Vi har ikkje konkludert når det gjeld tal.