DNA-profilar frå andre enn sikta og offeret kan finnast i dette materialet, meiner forsvarar Ivar Blikra.

— Det kan utmerkt godt hende at desse funna stammar frå andre enn offeret eller klienten min, seier Blikra, som forsvarer 41-åringen som er sikta for drapet på Anne Slåtten.

— Difor har eg kravd at alle funn blir prøvd DNA-typa. Vi snakkar om fleire enn ti hårfunn, både på offeret og på åstaden.

- Ei heilt anna sak

Forsvararen peikar på at politiet allereie kort tid etter drapet hadde DNA-profil frå ein ukjent person, funne på kroppen til offeret. Men i tillegg vart det gjort ei rekke andre funn, hovudsakleg av hår, både på og rundt den drepne.

— Straks dei hadde den første profilen, synest dei ikkje å vere interessert i å få DNA-typing av dei andre funna på offeret og åstaden. Dei verkar å ha sett seg blinde på det første funnet, seier Blikra, som to gonger skriftleg har kravd å få alle funn analysert.

Frå politiet har han fått vite at denne prosessen no er sett i gang, men noko resultat vil likevel ikkje kome denne veka.

Blikra veit ikkje kor mange eller kva for konkrete funn som no blir prøvd typa av Rettsmedisinsk Institutt. Også dette har han no purra på for å få vite.

— Kor viktige kan desse analyseresultata bli i saka?

— Får politiet nye DNA-profilar frå åstaden eller offeret, så kan desse sjekkast opp mot dei meir enn 1200 personane som har avgitt DNA. Blir det klaff her, så snakkar vi om ei heilt anna sak. Da har vi andre personar inne i saka, og dei kan i utgangspunktet mistenkast like sterkt som min klient, seier forsvararen.

- Manglar drapsbevis

Dei to funna som knyter den sikta 41-åringen til saka, er gjort på den drepne Anne Slåtten. Så langt forsvararen kjenner til, er det ingen tekniske funn som knyter den sikta til sjølve åstaden.

— Desse funna er i seg sjølv ikkje noko bevis for drap. Når eg krev at alle funn no blir prøvd DNA-typa, så kan dette slå i fleire retningar. Og det vil jo vere påfallande dersom min klient har vore i basketak med offeret utan å legge igjen eit einaste teknisk spor på åstaden, seier Blikra.

Advokaten utelukkar ikkje at det kan finnast DNA-spor etter andre når resultata ligg på bordet. Skjer det, kan vedkommande utmerkt godt vere å finne blant dei over 1200 mennene som er testa i saka.

Kommande fredag blir 41-åringen framstilt med krav om forlenga varetektsfengsling. Avhøyra i saka er avslutta, og 41-åringen vil på nytt krevje å bli sett fri.

— Vi meiner det ikkje er grunnlag for vidare fengsling. Dette er soning utan dom, og ingenting anna, seier Blikra.

Overfor Bergens Tidende stadfestar Førde-lensmann Kjell Fonn at ein del funn i Anne Slåtten-saka no blir kjørt analyse på.

— Kvifor er ikkje dette gjort tidlegare?

— Det har eg ingen kommentar til, seier Fonn.