Det sveitsiske rettsvesenet stilte nemleg som vilkår for å gje pålegg om utlevering av såkalla sekretessebelagte opplysningar, at opplysningane ikkje kunne brukast i sak om «fiskallovbrot» i Noreg. Det gjeld brot på skatte— og avgiftslover i Noreg.

Nydal gjekk fri

Det godtok Økokrim. Dermed kunne Økokrim ikkje starte etterforsking eller innleie straffeforfølging mot Nydal då det kom for ein dag at Nydal stod bak ein konto i ein bank i Sveits. Det var frå denne kontoen at det i desember 1996 og i januar 1997 vart overførd 260.000 amerikanske dollar - tilsaman 520.000 amerikanske dollar - til ein konto i Monaco.

— Saka er komplisert og med mange detaljar, sa aktor, politiadvokat Geir Kavlie, under innleiingsforedraget i retten i går. Han hevda at det var lagt opp med eit to-spora system der Hamre, Flatland og Nydal inngjekk. Eitt system i Noreg, der det vart kjøpt hestar for Nydal - og eitt via Sveits og Monaco, der føremålet var å kvitvaske pengar som stamma frå kriminelle handlingar.

Aktor dokumenterte at retten i straffesaka mot Atle Hamre, har lagt til grunn at pengar som Hamre pressa frå skipsreiar Thor Christensen, har gått til hestekjøp i utlandet.

Kontoen i Monaco viste seg å tilhøyre Hallvard Flatland gjennom selskapet Benjamin Oveseas Inc. Selskapet som var oppretta i 1996, var registrert på dei britiske Jomfruøyane, medan styret hadde tilhald i Monaco.

Nydal i Panama og Sveits

Kontoen i Sveits tilhøyrde selskapet Acacias Finance Corp. Det viste seg at selskapet var stifta 3. juni 1985 i Panama. Panamaborgarar stod som stiftarar. Men det var inngått ein forvaltningsavtale med banken i Sveits.

Dokumenta som Økokrim etter kvart fekk tilgang til, viste at den verkelege eigaren av selskapet og kontoen var Øyvin Nydal. Økokrim fann også ut av Øyvin og Kristin Nydal disponerte ein bankboks i den same banken der selskapet hadde konto, Banque Scandinavie en Suisse. Økokrim kom på sporet av bankkontoen i Monaco då travtrenar Atle Hamre vart arrestert i mai 1999, sikta for pengeutpressing mot skipsreiar Thor Christensen.

Passet til Hamre

I passet til Hamre fann Økokrim ein lapp med eit kontonummer til ein bank i Monaco, og namnet Benjamin Overseas. Dei fann også ei kvittering for innsetting av 55.000 danske kroner på kontoen.

Då Hamre vart avhøyrd om forholdet, opplyste han at kontoen tilhøyrde Hallvard Flatland, og at Flatland fungerte som mellommann for ein franskmann som ville ha pengar på kontoen. På den måten kom Flatland inn i saka, ifølgje aktor.

Flatland på si side nekta eitkvart kjennskap til både selskap og konto under to avhøyr med Økokrim i juli 1999.

To dagar etter avhøyret, vart det, ifølgje aktor, halde styremøte i Benjamin Overseas der einaste sak var oppretting av ny konto for selskapet i ein annan bank i Monaco.

Flatland pågripen

Etter at Økokrim året etter fekk innsyn i Monaco og tilgang til all dokumentasjon, vart Flatland pågripen og sikta for å ha gjeve falske opplysningar til politiet under avhøyr. Under ransakinga heime hjå Flatland fann Økokrim også kopi av ei etterforskingsrapport som etterforskarane frå Økokrim hadde faksa heim om det dei hadde funne i Monaco.

Økokrim meiner den dåverande forsvararen til Hamre, advokat Morten Kjensli, hadde gjeve rapporten til Flatland.

BARE KOFFERTEN: - Hallvard Flatland lever av å selge glede til det norske folk. Dette er ingen gledens dag, uttala advokat Erling O. Lyngtveit, som forklaring på at tv-kjendisen nekta å la seg fotografere i går.