• Hadde eg som andre hesteigarar undersøkt litt om kva Alte Hamre betalte for hestane han kjøpte for meg, hadde eg ikkje stått her i dag. Då ville eg forsvunne ut og vore ein lykkeleg mann i dag.

Det var ein resignert byggmeister frå Bergen, Øyvin Nydal (72), som i går inntok vitneboksen i Oslo tingrett i straffesaka mot Hallvard Flatland.

— Eg hadde full tillit til Hamre og kunne aldri tru at han ville lure meg, forklarte Nydal. Han opplyste at han ikkje har orka å finne ut kva som faktisk vart betalt for hestane Hamre skaffa han. Men han veit at mange andre hesteeigarar, som gjorde det, kutta ut Hamre.

I «klisteret»

Nydal måtte i detalj forklare korleis han kom inn i hestesporten, vart biten av hestesportbasillen og fekk eit tett og nært forhold til Atle Hamre. Han måtte også gjere greie for kvar pengane kom frå til den hemmeleghaldne kontoen, som han saman med kona, hadde i Sveits. Det var pengeoverføringar som han gjorde frå denne kontoen til det han trudde var Atle Hamre sin konto i Monaco, som gjorde at han sjølv «hamna i klisteret».

Det heile starta med at sonen etter endt bygningsingeniørutdanning i USA, ikkje ville kome heim att på slutten av 1980-talet. Sonen hadde då blitt interessert i hest. I eit forsøk på å lokke sonen heim, ville han sjølv kjøpe hest.

Tipsa om Hamre

— Eg kontakta leiinga ved Bergen travpark og spurde kven som hadde greie på hest. Eg fekk til svar: Atle Hamre. Eg kontakta Hamre.

Hamre let seg ikkje be to gongar, og snart var Hamre i USA for å kjøpe hest til Nydal. Det vart kjøpt ikkje berre ein hest, men to hestar.

— Hamre kunne ikkje eit ord engelsk men han lærte fort, iallfall hesteengelsk.

— Det vart faktisk nokre av dei beste hestane eg har hatt. Den eine av dei vann 17 løp. Då blir ein tent, forklarte Nydal.

Sidan gjekk det slag i slag. Det utvikla seg til eit svært tett forhold.

— Vi snakka hest på telefon ein halvtime så å seie kvar kveld i halv ellevetida. Det var fint etter ein slitsam arbeidsdag. Men kona mi var skeptisk og kritisk. Ho kunne ikkje utstå Hamre, fortalde Nydal.

— Utvikla det seg vennskap mellom Hamre og deg? spurde aktor, politiadvokat Geir Kavlie.

«Litt naiv»

  • Ja, det vil eg seie. Eg har vel vore litt naiv og forsvart han for lenge. Det gjekk lang tid før eg forsto kor gale det var.

Nydal avviste kategorisk forklaringa frå Hamre om at det var Nydal sitt initiativ å overføre pengar til kontoen i Monaco.

— Det var Hamre sitt initiativ. Han ville at vi skulle halde oss på toppen med gode hestar. Då galdt det å ha pengar til disposisjon for å slå til med handel.

Nydal forklarte at han var overtydd om at det var Hamre sin konto. Han fekk aldri vite noko om at det var Hallvard Flatland som sto bak kontoen.

Sveits-kontoen

Pengane på ekteparet Nydal sin hemmeleghaldne konto i Sveits, kom ifylgje Nydal frå sal av boligar som han på 1980-talet bygde i Florida.

Han «kunne sverje på» at pengane på kontoen hans ikkje hadde noko samband med pengeutpressinga Hamre er dømd for, eller noko anna samband med Atle Hamre. Det var det einaste han var 100 prosent sikker på.

I fleire avhøyr med Økokrim nekta han einkvar tilknyting til kontoen i Sveits. Først då Økokrim sat med dokumentasjonen, vedgjekk han realitetane.

«Parfyme eller hest»

Kona var kritisk til heile hesteengasjementet hans. Det var ho som opna posten, det har ho gjort i 50 år, ifylgje Nydal. Men ho hadde streng beskjed om ikkje å opne post «som det lukta parfyme eller hest av» - og det heldt ho seg til, forsikra han. Før han la til at «parfymerte brev» er det blitt mindre av.

I utgangspunktet var det meininga å overføre berre 260.000 dollar i desember 1996, vel to millionar kroner. Den andre overføringa skjedde ein snau månad seinare etter at han hadde fått purring om at pengane ikkje hadde kome inn på konto. Difor gav han ein ny betalingsordre til banken i Sveits.

Sjølv seier han nå at det var ein tabbe og at han angra seg då han oppdaga at det hadde skjedd to overføringar. Han forklarte at han hadde teke det opp med Hamre men at Hamre overtalte han, at dei måtte ha såpass pengar disponibelt på konto for å kunne «handle på øverste hylle». Difor vart pengane ståande.

Nye overføringar

Sjølv visste han ingenting om korleis pengane vart disponert på kontoen, ifylgje forklaringa hans.

I retten i går kom det fram at Nydal, trass i at han hadde fleire millionar kroner til gode på Monaco-kontoen, likevel hadde betalt millionbeløp til kjøp av nye hestar med Hamre som mellommann. I november 1998 overførde han 100.000 dollar frå kontoen sin i Sveits til ein stall i USA for ein ny hest. Og i mai same år hadde han overførd 500.000 frå ein konto i Noreg til stallmeistaren til Hamre, Lars Magne Søvik.

«Matpengar»

I perioden februar 1997 til mai 1999 overførde Nydal eller Nydal Bygg i tillegg 1.170.000 kroner til Atle Hamre og Winners Stable.

Nydal meinte dette måtte gjelde matpengar for hestane han hadde på stallen hjå Hamre. Det kunne koste 6-8000 kroner månaden pr. hest. Nydal forklarte at han ikkje var klar over at pengane som han skaut inn på Monaco-kontoen, vart brukt til heilt andre føremål enn hestekjøp Han forklarte at han vart «veldig skuffa» då realitetane gjekk opp for han: at Flatland og ikkje Hamre åtte kontoen, og at pengane hans var brukt.

Flatland forsikra

Sjølv har han inngått avtale med Flatland som i 2001 vedgjekk å skulde 310.000 dollar til Nydal. Flatland har forsikra at han vil gjere opp. Men det har ennå ikkje skjedd avdi Flatland har opplyst at han har vore utan inntekt gjennom tre år.

— Då saka mot Hamre kom opp, skjønte eg at eg måtte flytte hestane mine bort frå stallen til Hamre. Då dommen kom, las både barna mine og kona dommen. Sjølv orka eg ikkje lese dommen. Eg forsto at han er to-delt. Han er snill og sjarmerande, men han har også ei heilt anna side. Eg forsto at eg har spele på feil hest så til dei grader, forklarte Nydal.

Nydal sa på spørsmål frå dommaren at i ettertid ser han nok at det var han sjølv som var den næraste til å disponere over Flatland-kontoen i Monaco.

VITNA: Byggmeister Øyvin Nydal svarte på mykje, men ville ikkje opplyse kor mykje pengar han har hatt på den hemmelege kontoen i Sveits, sjølv om kontoutskrifter er framlagt i retten. - For det er presse til stades her, forklarte han. <br/>foto: THERESE BORGE