— Har du vore i Nederland? Då forstår du vel kvifor!

Det svarar dei alle saman når vi spør kvifor dei kjem, kvifor i all verda dei vil slå seg ned her, langt utanfor allfarveg, på øyar og i grender som mange har flytta ifrå og som du som nordmann skal ha svært gode grunnar for å flytta til.

På få år har meir enn tjue hollandske familiar, kring 80 menneske med stort og smått, flykta frå menneske-maurtua på Kontinentet til utkantane heilt vest i Sogn og Fjordane. Til øyane Hovden, Fanøy og Svanøy har dei kome med flyttelassa sine. I grendene Grotle, Dyrstad, Davik, Botnane og Haukå har dei slege seg ned. Dei har funne seg til rettes i Ålfoten, i Nordalsfjord, Eikefjord og i Kalvåg. To familiar har busett seg meir sentralt, i industristaden Svelgen. Dei siste kom på veslejulafta. Like over nyttår kjem det nye flyttelass.

Mange har kjøpt gamle hus som dei er i gang med å restaurera. Fleire byggjer seg millionvillaer vest i havgapet. Nybyggjarane frå Nederland er par i 30-åra, dei fleste med små born.

Nederland er litt mindre enn fylka Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane tilsaman. Der bur det 16 millionar menneske.

— Vi levde i ein konstant trengsel, med kø over alt og heile tida med støy omkring oss. Same kvar vi var, så høyrde vi trafikken. Skulle vi på tur i skogen, måtte vi køyra i kø og så gå i kø. Skulle vi besøkja slekt og vener måtte vi dra før den daglege køkjøringa, og koma tilbake etter denne. Og alt hasta slik, alle jobba overtid. Dessutan har kriminaliteten auka mykje dei siste åra.

— Vi har eit langt betre liv her. Dette er ein mykje betre og tryggare plass for borna våre å veksa opp, seier Anne van Oorschot. Ho kom til grenda Dyrstad ved Svelgen med mann og to born for to år sidan.

Dei hadde reist verda rundt. Dei var leie av kontorlivet i byen, ville starta på nytt ute i naturen. Mannen Rogier hadde lyst til å emigrera til Alaska eller New Zealand. Det var for langt borte, syntest Anne. Men til Europas New Zealand ville ho bli med. Dei skaffa seg norsklærar via den norske sjømannskyrkja i Rotterdam, og gjekk i gang med å læra språket. Tilfeldigvis fekk dei høyra om eit nederlandsk firma som hadde planar om å starta med steinutvinning i Bremanger.

Rogier van Oorschot starta i steinbrotet åleine med steinknusar, shovel og ei verktøykasse. I dag er han sjef for ti. Dei tek ut devonsk sandstein til asfaltproduksjon. Steinen går med båt til Nederland. Steinbrotet skal bli mellom dei største i landet.

I Nederland jobba Rogier, som er teknisk og administrativt utdanna, i eit firma som blant anna dreiv med bustadutbygging i stor stil. Anne organiserte konferansar og selskap med opp til 7000 deltakarar. Ekteparet kom som manna frå himmelen til Bremanger Vekst, eit halvoffentleg selskap som jobbar blant anna med å hindra fråflytting frå kommunen. Anne blei straks tilsett for å rekruttera fleire nederlendarar.

— Målet vårt er å få 20 familiar til Bremanger før 2003 er omme, seier ho. Etter eit nederlandsk fjernsynsprogram om emigrantane på Vestlandskysten, tok mange kontakt. Ho har reklamert for eit fredeleg liv i vakker natur i fleire nederlandske blad og gjer det heile tida på nettet. Når nokon let seg lokka, hjelper Anne til med å skaffa jobb og hus, ho losar innflyttarane gjennom offentlege kontor og søknadspapir, og ho fungerer som tolk. Til no har ho formidla åtte hollandske familiar til kommunen. Nederlendarane har ikkje problem med å få opphaldsløyve.

Nokre få har snudd i døra. Ein familie måtte flytta heim att fordi ei bestemor lengta seg sjuk etter born og borneborn. Andre har ikkje funne seg til rette. Somme som sa dei ville koma, forstod i tide at dette ikkje var løysinga på deira problem i livet.

Anne van Oorschot har mellom 250 og 300 namn på lista over folk som seier dei kan tenkja seg å flytta til Noreg.

— Skal dei gjera alvor av flyttinga, må dei vera skikkeleg motiverte, dei må ha perspektiv på framtida si og vi må greia å skaffa dei arbeid. Dessutan vil vi unngå at det vert skapt nederlandske koloniar i bygdene her, det er nok med eit par hollandske familiar i kvar grend, meiner ho.

Sjølv blei Anne van Oorschot så skuffa at ho grein då mannen kom heim frå sin første tur til Bremanger. Han viste henne videoopptak frå Svelgen i november.

— Det såg så mørkt og trist ut, det var ikkje ei levande sjel å sjå i gatene, seier ho.

— Men eg var veldig entusiastisk og eg visste at Anne ikkje ville ombestemma seg på grunn av ein videofilm, seier Rogier van Oorschot. Tre veker seinare gjekk flyttelasset nordover. Til eit kvitt hus i skogen, til eit nabolag som straks inviterte til velkomstfest i jakthytta og til nyttårsfest.

— Vi kjenner oss så velkomne her, folk er hyggelege og bryr seg om kvarandre. Og vi trivst i den flotte naturen. Vi går mykje på tur i fjellet. Best av alt er likevel at her er så stille og fredeleg. Eg ønskjer ikkje å flytta tilbake. Vi blir her resten av livet, og vi vil byggja hus, helst på andre sida av fjorden der det er meir sol, seier Anne.

— Men vi møter heile tida folk som ikkje forstår valet vårt. Dei seier det jammen må vera ille i Nederland, når vi heller vil vera her!

Nederlendarane lærer seg raskt norsk. Ein kveld i veka er det norskkurs i Svelgen for dei sist tilkomne. Eit av dei siste kursa før jul handla om norske juletradisjonar. Norsklæraren inviterte på julemiddag på hotellet, slik at nykomarane skulle få smaken inn ilag med det nye språket. Men det var ikkje alle som gav seg i kast med pinnekjøtet. Kjøt av sau høyrer definitivt ikkje til favorittrettane til folk frå Nederland. Somme av dei reiser for sikkerheits skuld heim til Nederland til jul. Det får då vera måte på å skulla ta skikken der ein kjem, meiner dei sikkert.

AKTIV INNFLYTTAR: Anne van Oorschot (t.v.) melde seg inn i svekgen sonhglag da ho flytta til bygda, ho merkar at korsongen gjer godt for norskopplæringa. Her er ho på øving i lag med Anne Karin Eidsvik.
Foto: Oddleiv Apneseth