– Dette er ei vanskeleg sak og ei særdeles prinsipiell sak.

Slik innleia leiar Anne Gine Hestetun (Ap) i Komite for miljø og byutvikling i ei sak som blir ståande som historisk.

Aldri før har byens høgaste politiske organ i slike byggesaker avslått å godkjenne eit ferdigbygd bygg av den storleiken det er tale om i Svartediksveien 23.

Byggeprosjektet, som BT har omtala fleire gonger, består av tre blokker med til saman 19 leilegheiter. 15 av desse er allereie seld, og bebuarane har flytta inn.

På førehand hadde byrådet nekta å godkjenne bygget, men då fordi taket burde få ein annan profil.

Men i denne veka kom byrådet med nye utrekningar for tomteutnyttinga. Dei viser at utnyttingsgraden (TU) er på 95 prosent, medan kommunedelplanen krev maksimum 80 prosent.

Det argumentet fekk Høgre og Frp til å snu, og støtte naboane som hadde klaga.

Vedtaket vil seie at delar av bygga må rivast, alternativt at ein einebustad som òg ligg på tomta, blir riven.

Ingen Lappen 9-reprise

I fjor gav komiteen etter i ei liknande sak i Lappen 9, berre nokre hundre meter frå Svartediksveien 23. Då òg hadde byrådet innstilt på riving, fordi bygget var for nær ein nabo.

Komitemedlemmer frå alle parti har i fleire møter beklaga at utbyggjarar kan spekulere i å føre opp bygg før klagene er handsama, vel vitande om at politikarane då gjev etter. Men det snudde altså med gårsdagens vedtak.

– Det handlar om demokratiet, klagar si moglegheit til å nå fram, og om at det har vore lettare å få tilgjeving enn tillating, seier Hestetun.

Gravøl

Det overraskande vedtaket går først og fremst ut over dei som har kjøpt leilegheiter i bustadkomplekset.

– Vi har ei tung stund her i dag. Fleire har brote saman i gråt, seier William Ellefsen, som er leiar i Seksjonssameiet Svartediksveien 23.

– Vi står føre formidable økonomiske problem. I tillegg til denne saka er det alvorlege problem med bygningsmassen, både utvendig og innvendig. Vi er blitt svindla, seier han.

Etter at komiteen gjorde sitt vedtak litt over klokka 19 i går kveld, gjekk bebuarane frå komitelokalet til ein utestad.

Bebuar Ruben Christensen omtala det sjølv som «gravøl». No anar han ikkje kva som vil skje.

– Eg kan ikkje forstå at det går an å trakke på folk på denne måten, seier han.

Christensen, som blir far i august, fortel at fleire no ønskjer å heve kjøpa, men dei veit enno ikkje kvar dei skal rette krava.

– Det sikraste kortet er meklaren (Meklarhuset Mortensen), som ikkje informerte om uvissa ved bygget, seier han.

Bebuarane skal møte sin advokat måndag for å finne ut kva dei gjer no.

Rakner betalar ikkje

Den erfarne utbyggjaren Ole Rakner seier det ikkje kjem på tale at han kjøper tilbake leilegheitene.

– Nei, vi eig ikkje noko av bygget. Vi har seld det til bebuarane, vi, seier han.

Bebuarane er òg forbanna på kommunen, som dei meiner ikkje burde sett dei i denne situasjonen ved å godkjenne innflytting før klagen frå naboane var behandla.

Komiteleiar Hestetun kastar ballen likevel tilbake til utbyggjaren.

– Han kjenner prosessar og demokratiet. Han har stått framfor komiteen og sagt at han tek ansvar, og det forventar vi at han gjer. Ein profesjonell utbyggjar kan ikkje gå på akkord med det, seier ho.

– Husa blir ståande

Ole Rakner, som var til stades på komitemøtet, vart av fleire komitemedlemmer stempla som kynisk.

Lengst gjekk Henning Nilsen frå Frp, som karakteriserte Rakners metodar som «Taliban-metoder, som skyver uskyldige beboere foran seg».

Rakner sjølv tok kritikken med fatning.

– Det er blitt ei politisk sak i staden for ei byggesak, seier han.

Rakner seier han no vil anke saka vidare til Fylkesmannen, Sivilombodsmannen, og om naudsynt gå til rettssak mot kommunen. Han meiner dei har rekna feil, og at han har bygd det han har lov til.

– Når blir bygga rive då?

– Dei blir ikkje rivne, seier Rakner.