Den nybakte oldefaren gjennomførte i går sitt fjerde tandemhopp med fallskjerm.

— Sinnsjukt kult, sa sekstenåringen som debuterte i same løftet. Ho gav klar beskjed til foreldra at dette ikkje var siste gongen ho svevar i fritt fall.

— Men mamma treng ikkje sjå på fleire gonger, legg May forsonande til.

Dei to tandempara var sist ut av det stuvande fulle, estisk-registrerte flyet som løfta hopparane 12.500 fot over bakken.

Salto bakover

— Først tok vi ein salto bakover, og så svevde vi nedover. Eg veit ikkje kor lenge vi var i fritt fall, men eg synest det var ei god stund, seier 16-åringen.

Ho hadde rast tvers gjennom finevêrsskyene før familien på bakken fekk auga på den rosa fallskjermen som falda seg ut, litt over og litt vestanfor veteranen Bjarne Stavenes, som ikkje heilt skjøna kvifor han skulle gjennom ein legesjekk før avgang.

Vågal kar

— Eg har klarsignal frå fastlegen min, som tek full sjekk ein gong i året, forkynte han.

Bjarne Stavenes har alltid vore vågal, men ikkje alle som klatra i tre i barndommen, endar opp som fallskjermhopparar i 80-åra.

— Eg fekk første tandemhoppet mitt som gåve til 80-årsdagen, litt på forskot. Sidan har eg hoppa kvart år under Ekstrems-portsveka, fortel han. At han ikkje hoppar oftare, har dels med prisen å gjera, dels at Håvard Rognerud frå Lesja har vorte hans «faste» pilot.

Kona ikkje begeistra

— Kva seier slekta til dette? - Kona likar det ikkje. Ho vil nødig gå glipp av diamantbryllaupet vårt til hausten. Men ungane synest nok det er greitt, elles hadde dei neppe spandert det første hoppet på meg, seier Stavenes, som vart oldefar for første gong for få dagar sidan.

Han har også ein gong prøvt seg på paragliding frå Hangur og ned på Vangen, men det freistar ikkje til gjentaking.

— Grei nok flygetur, men ikkje særleg spennande, seier 83-åringen, som må sleppast ut frå fly i over tre kilometers høgde for å få skikkeleg adrenalinkikk.