Køyrer du gjennom Fyllingsdalen i dag så vil du sjå at ein er i full sving med å riva delar av natursteinsmuren på vestsida av Folke Bernadottesvei ved Spektrum. Her skal det koma ei rundkøyring.

Denne muren, og også den på andre sida av vegen, vart sett opp i samband med utbygginga i 1967/68.

Maskinkøyrarane var ”murarhandlangarar”

”Dei gamle” murarane, som vi har skrive om tidlegare, dei hadde spett, tresliskar og kanskje og stubbebrytar å hjelpa seg med for å få steinane på plass. For dei som sette opp murane langs Folke Bernadottesvei var det gravemaskinene som gjorde løftearbeidet. Det kan ein sjå på storleiken av steinane som er brukt. Ein del av desse steinane er faktisk så store at det måtte to maskiner til for å få dei på plass!.

På leiting etter stein

Rune Fyllingen, som då dreiv Fyllingen Maskinstasjon, fortel at det var ikkje lett å finna høveleg stein, dei måtte leita rundt på alle anlegg i heile Fyllingsdalen for å finna desse.

Muren på vestsida er noko ”varierande” i muringa, i begge ender er steinane lagt sirleg opp med lite ”pinning” mellom, men i eit parti i nordenden ser det ut som om steinane er ”hesja opp” meir vilkårleg. Dette forklarer Fyllingen med at muren i utgangspunktet var meint som ein bakkamur som skulle forblendast med annan stein, men at dette vart ombestemt seinare til at muren skulle vere synleg slik han var. Slik gjekk det altså til at deler av muren framstår som flott murearbeid medan andre deler ikkje presenterer seg like bra.

”Skammens mur”???

Denne muren var elles mykje omtala då han vart sett opp. Folk meinte at å setta opp slike natursteinmurar vart alt for kostbart og mange meinte vel og at betongmur var eit betre og billegare alternativ. Det var faktisk folk som i lesarbrev til BT omtala muren som ”skammens mur”.

I dag trur eg ikkje det er mange som vil byta ut den vakre natursteinmuren med ein betongmur.

Dei som leia murarbeidet her var basane Bernhardsen og Bergesen og dei vart assistert av maskinkøyrarane Svein Vevletveit, Kjell Frøysand og Arne Lødtveit frå Fyllingen Maskinstasjon.

Kunsthandverk?

Muren på andre sida av vegen og avrundinga ved rundkøyringa inn til Oasen er eit framifrå flott arbeid. Korleis ein kan få så store steinar som er så ulike på fasong til å liggja så tett og harmonisk i lag det krev nok både kunnskap, ”augnemål” og kunstnersans for å få til.

Her må det sikkert og vere eit heilt spesielt samarbeid mellom muraren og maskinkøyraren for å få dette til. Rune Fyllingen fortel at det var ikkje alltid så lett å vera maskinkøyrar og å vita korleis steinen skulle settast slik basen ville, sjølv om slingsen var sett og det var klart for løft. Men han er svært glad for det han lærte av ”gamlekarane”

På denne muren var det Bjarne Iversen, tilsett i Bergen Kommune som var bas.

Dagens murar

Også i dag vert det sett opp mange vakre natursteinsmurar, t.d. langs vegane våre. I dag nyttar ein mest stein frå spesielle steinbrot der du finn stein som lett let seg kløyva og såleis vert til murstein som er jamntjukke med rette vinklar og jamne brotflatar.

Vi har fått betre råd og kan såleis kjøpa oss ferdighoggne murstein.

”Dei gamle” nytta stein fordi han ikkje kosta noko, ikkje anna enn arbeid, i dag er det arbeidet som kostar, og vi har råd til å betala for steinen.

Natursteinmurane i Spelhaugen

I Fyllingsdalen er det siste åra sett opp slike murar m.a. i Spelhaugen ved Auto 23.

Her er det sett opp natursteinmurar rundt området og mellom dei einskilde verksemdene. Murane her, som i tillegg er pynta opp med m.a. rhododendronplantar på toppen, har om lag same funksjon som dei gamle steingardane, som skilje mellom eigedomar eller teigar.

Steinen som er nytta her kjem frå Jondal i Hardanger og det er Roger Mjåtveit A/S som har stått for muringa.

Også dette eit flott eksempel på korleis natursteinsmurar gjer eit område vakrare.

Les også:

Stein på stein

Steingardar og murar i Fyllingsdalen

Kva synest du om natursteinsmurane i Fyllingsdalen? Skriv gjerne i kommentarfeltet.

«Skammens mur»?
Aud Sælensminde
Kunsthandverk.
Aud Sælensminde
Mur ved Auto 23.
Aud Sælensminde