Oljemaleriet som i går vart vist fram av forretningsmannen Hallvard Viken i Jølster har vore eigd av same familie sidan 1940. Motivet «Grovær» er velkjent Nikolai Astrup frå andre oljemaleri og trestikk.

Bildet hang på veggen i eit husvære i Strandgaten i Bergen da dynamittskipet «Voorbode» gjekk i lufta og tok med seg store deler av det sentrale Bergen 20 april 1944. Astrup-motivet i Strandgaten slapp ikkje heilt uskadd fra det.

Skadd i eksplosjonen

Det synes å vere reine vårløysinga for ukjente Astrup-bilde i Jølster for tida. Mykje talar for at jonsokbål-motivet som først dukka opp, ikkje er malt av Nikolai Astrup. Men sjansane synes vere større for at nummer to, «Grovær», er ekte.

Og medan Hallvard Viken presenterte bildet på gårsdagens pressekonferanse, kom nok ein telefon frå eigaren av eit bilde som kan vere ein Astrup. Den som lever får sjå.

Historia om gjenfunne motiv nummer to, »Grovær», er ifølgje Hallvard Viken denne:

— Eg vart kjent med bildet mandag denne veka, som følgje av all omtalen rundt det første bilde. Og dersom eit ekte Astrup dukkar opp i dag, 76 år etter kunstnarens død, så er det ein begivenhet. Eigaren ønskjer i alle fall å få slått fast om det er ein original, ein kopi eller ei forfalsking.

Ifølgje Viken har bildet vore i eige hjå same familie sidan 1940. Er det ingen Astrup, har ei evetuell forfalsking med andre ord skjedd før krigen.

Dagen da dynamittskipet på Vågen gjekk i lufta i 1944, var familien vekkreist. Men bildet hang igjen heime i Strandgata, og fekk synlege striper i oljemalinga.

Restaurert

Etter krigen flytta familien frå Bergen til Sunnfjord, og irriterte seg ifølgje Viken sterkt over det skadde maleriet. Dei meinte bestemt det var snakk om ein original, og tok i 1997 kontakt med Rasmus Meyers Samlinger for å få råd om korleis bildet kunne restaurerast.

Da familien henta bildet etter at arbeidet var utført, skal konservatoren ha sagt at han tvilte på om dette kunne vere ein ekte Astrup. Einaste grunngjevinga skal ha vore plasseringa av signaturen, som på dette bildet er lagt lenger inn mot midten av motivet enn normalt.

— Dette var eit stort vonbrot for familien. Dei tok med seg bildet, men hang det aldri opp på veggen. Bildet har såleis stått nedpakka heilt fram til mandag denne veka.

Bak på bildet, stukke inn under kanten på ramma, fanst også ein gammal konvolutt. På det maskinskrivne, vannmerka arket finst biografiske opplysningar om kunstnaren Nikolai Astrup, blant anna viser arket til litteratur som forfattaren Hans E. Kinck skreiv om Astrup i «Kunst og Kultur» så tidleg som i 1910.

«Alderdoms trøyst»

Det var ordførar Gerd Dvergsdal i Jølster som fekk æra av å avduke det 54 ganger 37 centimeter store maleriet. - Eg veit jo ikkje sikkert kva det er eg avdekker, men uansett er dette ufatteleg spennande, sa ein ordførar som tok dei nødvendige atterhalda medan ho strevde med å fjerne dekket over bildet.

Og da bildet etter litt plunder var avdekka:

— Det er utruleg å sjå. Så pent!

Ekte eller ikkje; ordføraren likar det ho ser.

— Det er uansett bra at folk blir klar over kva dei har i sitt eige. Er dette ein Astrup, så er det ein sensasjon.

Etter å ha konferert litteratur om Astrup, heller Viken til at det er eit ekte verk av Astrup.

— Han lagde jo mange bilde med dette motivet frå Sandalstranda, seier Viken.

Bildet framstår med noko meir duse fargar, og med litt mindre kontrastar enn mange av dei mest kjente Astrup-bilda. Signaturen er «Nik Astrup». Ut over familen og den næraste omgangskrinsen har svært få kjent til bildet.

— Familien har alltid meint at det var ein ekte Nikolai Astrup. Mor til dagens eigar sa ein gong at dette bildet kunne bli ei alderdoms trøyst, fortel Viken.

Og prisen på ein ekte Astrup? Usikker, men Nikolai Astrup-maleriet «Stangfiske i måneskinn» gikk eksempelvis for 2,3 millioner kroner på Johan Albert Mohns høst-auksjon i fjor haust.