SFE vil plassere vindmøllene nordvest for Leikanger på Stadlandet, eit område dei meiner er mindre konfliktfyllt enn Hoddevikfjellet som Statkraft måtte gje opp.

Planlagt byggestart er 2008, investeringa er på 250 millionar kroner.

Direktør Ole Schancke Eikum seier til NRK Fylkesnytt at parken ikkje kjem i konflikt med Selje kloster, og at den er mindre enn prosjektet Statkraft måtte gje seg på. Han ser for seg mellom ti og seksten møller opptil hundre meter høge, og ei utbygging for å få fram linjenettet.

Sogn og Fjordane Energi arbeider med i alt åtte ulike vindprosjekt, ifølgje NRK. Dei andre ligg lenger fram i tid enn Stad-prosjektet.