Stortingsproposisjonen om dette vart vedteken i statsråd fredag 24. august.

Starter i 2008

Utbygginga mellom Hauge og Lonevåg omfattar om lag 3,3 kilometer ny riksveg. Av dette er 1,5 kilometer tunnel. Ei bru på 90 meter ved Lonevåg og nye tilknytingsvegar mot Revheim og Hjellvik inngår også i prosjektet. som også omfattar korte strekningar med gang— og sykkelveg ved Hauge og ved Lonevåg.

Anleggsarbeidet skal ta til hausten 2008, og den nye vegen skal opnast for trafikk i 2011.

– Utbygginga av ny veg mellom Hauge og Lonevåg i Osterøy fører til tryggare trafikk og betre vegstandard. For mange i Osterøy vil det bli lettare å komme til kommunesenteret i Lonevåg. Den nye vegen vil få fullgod standard på nær heile strekninga mellom Osterøybrua og Lonevåg, seier samferdsleminister Liv Signe Navarsete.

Blir bompenger

Prisen for den nye vegen vert 198 millionar kroner, omrekna til 2007-prisnivå. Dette skal dekkast ved ein kombinasjon av statlege løyvingar, tilskott frå Osterøy kommune og bompengar.

Bompengefinansieringa vil skje gjennom utviding av eksisterande bompengeordning i Osterøy. Denne bompengeordninga kom i stand i i 1997, og bomstasjonen ved Osterøybrua har vore med på å finansiere utbygginga av Osterøybrua, Tiråstunnelen og vegprosjektet Hannisdallina. I forslaget frå regjeringa er det lagt til grunn at heile bompengeordninga, medrekna innkrevjing for prosjektet Hauge – Lonevåg, skal vere avslutta i 2014.