Når Hardangerbrua står ferdig rundt 2010, vil ny tofelts veg med gul stripe liggja klar til å ta unna den auka trafikken over Bu-platået og forbi det rasfarlege Bugjelet.

118 millionar kroner vil det kosta å rusta opp vegen og sikra mot ras. Finansieringa er eit spleiselag med 88 millionar kroner frå staten og 30 millionar kroner som forskottering frå Eidfjord kommune. Forskotteringa må godkjennast både av fylkeskommunen og av Stortinget. Saka kjem opp i samferdsleutvalet onsdag 5. oktober.

Det er forskotteringa frå Eidfjord som sikrar fullfinansiering av denne opprustinga. Dermed vil heile arbeidet vera ferdig i god tid før Hardangerbrua opnar. Den daglege trafikkmengda over Bu-platået og forbi Bugjeldet er venta å stiga frå ca. 800 bilar i dag til godt over 2000 bilar når brua er ferdig. Dagens veg mellom Bu og Brimnes er ikkje god nok for denne trafikken, der ein stor del vil vera tungtrafikk mellom Aust— og Vestlandet.

Bugjelet skal sikrast ved at vegen vert lagt på fylling tvers over gjelet. Innanfor fyllinga vil det vera eit magasin på bortimot 40.000 kubikkmeter som tar i mot snømassane som måtte koma. Snøras i Bugjelet er svært sjeldne, men i 2002 gjekk raset over vegen.