Det går mot ei ny utsetjing for Jondalstunnelen. I januar lova samferdsleminister Liv Signe Navarsete å gjere alt ho kunne for at Stortinget fekk saka i sommar, slik at dei kunne vedta prosjektet i haust.

No kan ikkje departementet ein gong love at Stortinget får saka før jul.

— Eg kan ikkje svare klart på det spørsmålet. Men vi arbeidar for å få raskast mogleg framdrift i saka, seier statssekretær Steinulf Tungesvik.

Eksterne konsulentar

Ein årsak til at saka no får ei ny utsetjing er at departementet har bede eksterne konsulentar om å rekne på kostnadene til vegprosjektet på nytt. Det trass i at den førre utrekninga, ein omfattande kvalitetsrapport, berre er eit år gammal

— Det er på ingen måte snakk om å gjennomføre ei ny kvalitetssikring med det tidsomfang det inneber, men berre å oppdatere dei opplysningane som ligg i den førre, seier Tungesvik.

Han seier dei her berre følgjer retningslinjene for slike saker: Er kostnadsopplysningane for gamle, må dei oppdaterast til stortingsproposisjonen.

Hemmeleg brev

Det at saka no må gå ein ny runde hjå eksterne konsulentar var unnateke offentlegheit.

Det var ansvarleg for samferdslesaker i Norges Miljøvernforbund, Per Nordø, som fekk ut opplysningane.

— Eg stiller spørsmålsteikn ved kvifor det var Norges Miljøvernforbund som nærmast tilfeldig oppdaga dette, seier han.

Han meiner hemmeleghaldet gjev grunn til å spørje om departementet no prøvar å trenere Jondalstunnellen, for å få heile prosjektet skrinlagt.

Det same fryktar Arne Sortevik (Frp), som sit i transportkomiteen på Stortinget.

— Eg ser for meg at departementet no vil styre seg fram mot ein konklusjon som er endå meir ugunstig for prosjektet, seier han.

Det avviser statssekretær Tungesvik.

— Alle som følgt saka må ha fått med seg at statsråd Navarsete har slost for saka ved alle høve, og har drive den fram trass mange ulike hindringar, seier han.

Fryktar større prislapp

Jondalsordførar Sigrid Brattebø Handegard (Sp) seier ho fekk vite om den nye konsulentrunden måndag.

Ho har framleis tiltru til at partifelle Navarsete vil drive fram prosjektet så raskt som mogleg.

— Eg har forståing for at statsråden må leggje rette tal framfor Stortinget, men eg har problem med å forstå at klagen frå Naturvernforbundet har forsenka prosjektet eitt år, seier ho.

Prisane i bygg og anleggsbransjen har gått kraftig opp det siste året, og Handegard fryktar resultatet for Jondalstunnelen.

— Vi kan alltids frykte slike ting. Men det er gått to og eit halvt år sidan fylket sendte saka frå seg, og når det har gått så lang tid meiner eg det ikkje er dette prosjektet sin tur å vente i køen, seier ho, og antydar at staten bør ta ekstrarekninga på den delvis bompengefinansierte vegen.

— Interesseorganisasjonar kan protestere utan å ta ansvar, men eg meiner staten og regjeringa óg må ta ansvar for utsetjinga, seier ho.