Under fylkestinget i Sogn og Fjordane for halvtanna år sidan dansa fylkesordførar Nils R. Sandal med vegaksjonistar frå Dalsfjorden. Inne i tingsalen sette fylkespolitikarane sambandet opp på vegplanen. Ei opningsløyving på 120 millionar kroner skulle komme i slutten av vegplanperioden 2005–2011.

Men no viser eit oversyn frå vegsjefen at midlane til å starte arbeidet neppe finst. Fem andre veganlegg står føre Dalsfjord-sambandet, og heller ikkje til desse er det nok pengar.

I perioden 2006 til 2009 får Sogn og Fjordane, med dei rammer som ligg inne i dag, 290 millionar til investeringar i riksvegar. Fullføring av Bremangersambandet og rassikring av Stedjeberget ved Sogndal vil åleine krevje 310 millionar. I tillegg kjem rassikring på Måløy–Raudeberg og ved Naustbukttunnelen i Årdal, og fullføring av strekninga på riksveg 61 frå Naveosen til fylkesgrensa til Møre og Romsdal.

Samla kostnader for dei fem veganlegga blir 422 millionar, altså 132 millionar meir enn det fylket ser ut til å få. Dermed ser det smått ut med pengar for å få starta opp att vegsambandet i Dalsfjorden.

Dalsfjordvegen har lege som ein verkebyll på samferdslepolitikken i Sogn og Fjordane i årevis. Arbeidet med veg og bru frå Askvoll til Fjaler blei etter lang kamp sett i gang på 70-talet. Men etter at vegarbeidarane hadde jobba seg fram fleire kilometer mot det planlagde brufestet på nordsida av fjorden, blei arbeidet stoppa midt i fjellveggen. Pengane blei omprioriterte og brukte på andre anlegg. I meir enn 20 år har det ikkje vore teke eit spadetak. Vegskandalen i Dalsfjorden har ei rekkje gonger vore trekt fram som eit døme på korleis samferdslepolitikk ikkje skal drivast.