Den 31 år gamle skulen på Slåtthaug er bygd for 15 klassar, men er no stua full med 18 klassar og nærare 500 elevar. Neste år vil politikarane presse inn endå ein klasse.

— Vi utnyttar kvar kvadratcentimeter, så ein ny ungdomsskule i Fana er i høgste grad ein god nyheit. Vi har ikkje plass til fleire elevar, og treng avlasting, seier rektor Rolf Isachsen.

Størst trykk

Fana og Ytrebygda er dei bydelane i Bergen der trykket på skulane aukar mest framover. Første byggetrinn på den nye ungdomsskulen skal byggast innan 2004, og skal få elevar frå Apeltun, Nøttveit, Råtun, Skeie og Slåtthaug. Det er enno ikkje avgjort kvar skulen skal byggast. Slåtthaug skule klarar ikkje å ta imot fleire elevar. Kanskje fordi dei held på å bygge ut det siste ubrukte rommet på skulen: eit mørkt betongrom med store rør i taket, «bomberom» som rektoren seier. Det vindaugslause lokalet skal bli til aktivitetsrom for elevane.

Trangbuddheit

Også på sløydsalen ser ein spor etter trangbuddheit. Der held snikkarar på å bygge inn eit grupperom, på bekostning av to høvlebenkar. To av tre naturfagrom har også fått lide. Dei har blitt til vanlege klasserom. Noko som også gjer det utfordrande å oppfylle læreplanen. Også auditoriet har blitt klasserom, rett nok eit svært eit.

— Ny ungdomsskule? kult, seier Karoline S. Michaelsen i 8a1, sjølv om ho er for gamal til å få glede av den nye skulen.

— Det går heilt fint her, men det er litt trongt. Og så er det alt for ofte opptatt på datarommet, seier ho, og får støtte av Maria Øren i 8b2 og Maylinn Merentzen i 8b1.

KUTTAR SLØYDEN: Sløyden må gje slepp på to høvlebenkar til fordel for eit grupperom. Dei to rektorane Eli Mohna og Rolf Isachsen takkar for midlar til det nye rommet, men er glad for at skulen snart vert avlasta.
FOTO: TOR HØVIK
KULT! Karoline S. Michalsen i 8a1 (tv) og Maria Øren i 8b2 synes det er kult å få ein ny ungdomsskule, sjølv om dei aldri får ta den i bruk sjølv.
FOTO: TOR HØVIK