Halvannan veke etter dødsulukka på Husnes small det igjen på riksveg 48 gjennom Kvinnherad. Ein personbil tok fyr midt i vegen i Vågabrekko mellom Herøysundet og Uskedalen etter å ha sneia borti muren på eit hus i vegkanten.

Dei to personane i bilen greidde å koma seg ut av bilen før han tok fyr. Dei to skal berre vera lettare skadd, opplyser lensmann i Kvinnherad, Jan Ludvik Fosse til bt.no. Begge blei likevel transportert til sjukehus i ambulanse, den eine med luftambulanse til Haukeland sjukehus, etter det bt.no får opplyst.

— Det var stadvis spinnglatt på vegen i dag. Eg har sjølv køyrt mellom Rosendal og Husnes og merka islagte skuggeparti på vegen, seier Fosse. Det var full utrykking av politi, brannvesen og ambulansepersonell då ulukka skjedde i 14.30-tida. Det hopa seg fort opp lange køar på begge sider av ulukkespunktet. Først nærmare ein time etterpå kunne bilar sleppast forbi.

Augevitne fortel til bt.no at det var sterk røykutvikling, og at brannvesenet prøvde å flytta den brennande bilen for å hindra brannen i å spreia seg til bustadhuset i Vågabrekko.