— Hallen vil vera svært nyttig i hotellet si satsing på kurs- og konferansemarkanden, og her kan det også haldast konsertar, fortel hotelleigar Jan Bruse Andersen til Bergens Tidende.

Vossa Jazz har meldt sterk interesse, og symfoniorkesteret Fossegrimen har alt tinga salen til ein promenadekonsert neste år, røper han.

Den store hallen kan delast i tre mindre salar med faldeveggar. Golvet er i utgangspunktet flatt, men tredelen nærast vatnet kan omgjerast til amfi. I begge endane kan det riggast scene, den nordre får eigen sceneinngang med samband til garderobar.

Sjølv om hallen no vert teken i bruk, står ein god del ombyggingsarbeid att.

Byggeprosjektet er ein viktig lekk i samansmeltinga av dei tidlegare Vossevangen Hotell og Park Hotell Liland. Sistnemnde fekk namnet Park Hotell Voss då Jan Bruse Andersen kjøpte det. Seinare kjøpte kona, Gro Kårdal Andersen, nabohotellet Vossevangen. Til no har dei to bygningane berre vore fysisk samanbundne i underetasjen. Nybygget føyer dei saman også i 1. høgda.