Dette er det fleirtal for i Stortinget etter at samferdslekomiteen har laga innstilling om samferdslebudsjettet for 2003. Dermed er Voss og Kristiansand bunde saman med stamveg over Rv 9, E 134 og Rv 13.

— Dette er svært gledeleg. Det er viktig for reiselivet i desse regionane at vegen vert merka som stamveg på kartet. Då vil turistane lettare finna fram, seier ordføraren i Ullensvang, Einar Lutro.

Stamvegane sorterer direkte under Vegdirektoratet og Samferdsledepartementet. Fylkeskommunane leverer ikkje innstilling med prioritert rekkjefylgje på stamvegprosjekt, men fylkestinga gjev likevel fråsegner med råd om prioritering.

Med Rv 13 som stamveg er då Hordaland fylkes fremste riksvegprosjekt, Hardangerbrua, med eitt vorte stamvegprosjekt, sjølv om brua samstundes er ein del av Rv 7, som ikkje er stamveg gjennom Hordaland.

— Vi er likevel glade for vedtaket, og ser det slik at statusen som stamveg vil styrkje Hardangerbrua som vegprosjekt, seier dagleg leiar i Hardangerbrua AS, Torbjørn Wilhelmsen, til Bergens Tidende.