Pengane er på plass og planane er klare, men utbetringa av vegen til Stegastein kjem ikkje i gang før til hausten. Det formelle er ikkje i orden, fortel Per Ove Fossheim i Statens vegvesen til Sogn Avis.

Vegen opp til den prislønte utsiktsplanken på turistvegen over fjellet mellom Aurland og Lærdal er i så dårleg forfatning at turoperatørar vegrar seg for å senda busslastar med turistar oppover.

Eit spleiselag av kommunane Aurland og Lærdal, Sogn og Fjordane fylkeskommune og Staten har lagt 13 millionar kroner i potten. Vegbana skal utbetrast, svingradius utvidast i dei krappaste svingane, og det skal byggjast møteplassar.

Det er manglande reguleringsplanar som stoggar arbeidet. Vegstellet ser ein fordel i at arbeidet kan gjerast om hausten, ikkje under teleløysinga om våren.

Bergens Tidende