Den nye fleirtalskoalisjonen vil no dela opp reguleringsplanen. I nord (nærast fjorden) der verneinteressene har jenka seg, vil dei regulera i tråd med stadanalysen som Asplan Viak har lagt fram. I sør, frå og med den omstridde omn 3 og oppover, vil dei gå nye rundar med sikte på reduksjon i vernearealet.

Denne oppdelinga vart vedteken i Utviklingskomiteen med fem røyster frå Arbeidarpartiet og Høgre. Dei fire andre partia røysta mot.

I arealet som no får grønt lys, inngår cyanamide-området som det er semje om å sanera store delar. Her er det aktuelt å reisa eit handelssenter med parkeringskjellar.

Rådmannen hadde innstilt på å legga ut den søre delen til verneområde, og setja fem års frist etter kulturminnelova for konkrete planar.

Det politiske fleirtalet i Odda vil redusera verneområdet, og set berre to års frist.

Samstundes minner dei om kostnadene, og etterlyser finansiering. For kommunen er det uaktuelt å betala for drift og vedlikehald av andre verneobjekt enn kommunen sine eigne bygningar. Stat og fylke må ta fullt og heilt ansvar for å finansiera vernet av tekniske og industrielle kulturminne som Staten meiner har nasjonal kulturminneverdi. Det må stillast nok pengar til rådvelde tiol istandsetjing og visuell oppgradering.

Det er semje om at ny riksveg 13 kan leggjast over Smelteverksområdet, med ny bru over elva.