OVE ARNE OLDERKJÆR

Stord

Den 21 år gamle Stord-sjåføren som blei hardt skadd i kollisjonen måndag kveld, ligg på Haukeland universitetssjukehus med skader i brystet, men er utanfor livsfåre. Politiet har teke frå han førarkortet på mistanke om aktlaus køyring før samanstøyten med ein trailer og ein annan personbil.

Sidan ein pensjonist omkom i ei trafikkulukke i same området i oktober 1997, og to ungdommar i januar 1998, har det ikkje skjedd dødsulukker på den smale europavegen forbi Eide og Raunholm i Fitjar kommune. Men det har vore nære på mange gonger, med alvorlege personskader i minst ti kollisjonar og utforkøyringar.

Fastbuande langs traseen har aksjonert for vegutbetring, men enno manglar vegen breidda som tilseier gul midtstripe.

Sidan januar i fjor er det på ferjesambandet Halhjem — Sandvikvåg teke inn bompengar for utbetring av E 39 over Stord, men ingen ting har skjedd.

Politifullmektig Egil Espeland ved Stord lensmannskontor seier at trafikantar må visa aktsemd sjølv om vegen er smal.

Idet den vesle VW Polo-en 21-åringen køyrde la seg på utsida av dei stilleståande bilane, køyrde han inn i ein trailer som skubba personbilen inn i ein av dei parkerte bilane. Utanom sjåføren som blei transportert til Haukeland i luftambulanse, var det fem menneske i dei to personbilane som blei lettare skadde og måtte til undersøking på sjukehus.

KNUST: Den vesle VW Polo-en blei totalvrak i kollisjonen på E 39 ved Raunholm måndag kveld.