Komite for finans og forvaltning har dermed føreslått å dobla summen til ny skule, men ikkje avklart om det skal byggjast ny barneskule eller ungdomsskule.

På driftsbudsjettet føreslår finanskomiteen å ta sju millionar kroner frå driftsfondet for å finansiera gapet mellom inntekter og utgifter. Det er føreslått å redusera SFO-satsane med 300 kroner til 2003-nivå, det vil seia 1.580 kroner.

Men finrekning av kostnaden med dette etter at møtet var slutt tysdag kveld, syner at kuttet i eigendelen for SFO kostar ikkje berre 300 tusen kroner, men to millionar kroner. Leiar i komiteen, Marianne Bjorøy, seier til Kystradioen at ho dermed ikkje kan seia meir om dette nå enn at det blir lågare SFO-satsar neste år.