I ei melding som ligg ute på nettsidene til Sogn og Fjordane fylkeskommune heiter det at på grunn av tidsnaud, var det lagt opp til at fylkesutvalet skulle gje ei fråsegn.

Den borgarlege opposisjonen i fylkestinget har reagert kraftig på dette. 16 medlemer av fylkestinget har reist krav om saka skal handsamast i det øvste politiske organet i fylket. Når så mange stiller seg bak kravet, hadde ikkje fylkesordførar Nils R. Sandal anna val enn å kalle inn til ekstraordinært tingsete.

Dermed ligg alt til rette for ein ny heftig sjukehusdebatt i Sogn og Fjordane.

Det vil skje i Førde 17. januar, dagen før høyringsfristen går ut.