I innstillinga til Vestlandsrådet var Eikåstunnelen førd opp med 0 kroner i perioden 2006-2009, medan Vegdirektoratet hadde førd opp til saman 60 millionar kroner. Noko som ville vera nok til å starta arbeidet med tunnelen hausten 2009.

Men Bergen kommune krev at tunnelen skal vera ferdig i 2009. På det grunnlag varsla Gisle Handeland (Ap) eit utsetjingsframlegg då E 39-saka kom på bordet i går føremiddag. Handeland argumenterte med at Eikåstunnelen hadde stått på prioritert plass før, men at pengane då vart overførde til strekninga Moberg-Svegatjørn i Os, som er ferdig om eit halvt år. Men det var heile tida ein føresetnad, meinte Handeland, at pengane skulle førast attende til Eikåstunnelen så snart det let seg gjera.

Rådsmedlemene gjekk til slutt med på å utsetja E 39-saka, men nekta å godta noko føresetnad om Eikåstunnelen som grunnlag for utsetjinga. Fylkesordførarane i dei fire vestlandsfylka skal koma saman til ein ekstramøte 14. mars.

Fylkesvaraordførar Tom-Christer Nilsen seier til Bergens Tidende at start på Eikåstunnelen i 2009, slik Statens vegvesen legg opp til, kanskje er det beste dei kan vona på.