Stordabuen vart i Oslo byrett dømt til fem års fengsel, derav to år på vilkår, for sin rolle i spritsmuglinga. Han må dessutan tola inndraging av tre millionar kroner som han etter byrettens skjøn har tent på ulovleg verksemd.

Ikkje påliteleg

Mannen si rolle var å kjøpa sprit i Tyskland og få partia sende til Rotterdam med tog. Etter ei tid fann dei andre i smuglarligaen at han ikkje var påliteleg.

Mellom anna skal han ha skrytt av smuglinga si i eit vekeblad. Retten fann at han var medskuldig i smugling av 229.600 liter rein sprit over Ålvik. Etter brotet med ligaen, skal han ha smugla 15.000 liter via Ålesund og 16.000 over Svinesund etter brotet med ligaen. Samla pådømt kvantum er såleis 260.600 liter. Han vart også dømt for brot på våpenlova. Då han vart pågripen i Sykkylven ved Ålesund, fann politiet ein pistol i bilen hans. Våpenet hadde skarpe skot i magasinet.

Stordabuen la korta på bordet, og samarbeidde med politiet om oppklaringa av saka. Forsvararen, advokat Erling Flisnes, Ålesund, prosederte på mild straff, og har no fått medhald i ny prøving av straffeutmålinga. Skuldspørsmålet er rettskraftig.

«Mr. X»

Også «finansministeren» i ligaen, ein 55-åring frå Hamar, får ny vurdering av staffeutmålinga. Han vart dømt til tre og eit halvt års fengsel utan vilkår, og må tola fire millionar kroner i inndraging.

«Mr. X», som politiet rekna som nestkommanderande i smuglar-leddet, får også skuldspørsmålet opp til ny prøving i lagmannsretten. Han vart dømt til 4 1/2 års fengsel for smugling av 468.400 liter sprit og diverse brot på valutalova då han tok med kontantar utanlands for å betala spriten. Byretten dømde han også til å betala fem millionar kroner i inndraging.

«Sjefen», austlendingen som på eit reiarlagskontor i Bergen dirrigerte den illegale båttrafikken til Ålvik, vart nekta ny prøving i lagmannsretten. Byrettsdommen på seks års fengsel og fem millionar kroner i inndraging, er dermed rettskraftig.

Ankar til vurdering

Kjæremålsutvalet i Borgarting har også ankar frå herredsrettsdommen i Indre Follo til vurdering. Der vart distribusjonsnettet på Austlandet sett under tiltale.

«Formannen» vart dømt til åtte års fengsel og inndraging av ikkje mindre enn 25 millionar kroner for forvaring av 502.000 liter smuglarsprit, det aller meste smugla over Ålvik Før kjæremålsutvalet har fått sagt orskurd, har politiet gjort Noregssoga sitt største enkeltbeslag av smuglarsprit i Kongsberg. Her er «Formannen» blant dei mistenkte, men han har rømt til utlandet.