Alt under Sogn tingretts hovudforhandling i vår tok forsvarar Herman Hoff opp formalitetane rundt utleveringa av Hassan Samriye Hashin frå Nederland, og meinte at det berre er drapet norsk påtalemakt kan tiltale Hashin for. Med andre ord vil valdtektsdelen av dommen falle vekk dersom forsvararen får medhald i tysdagens førebuande rettsmøte.

Sogn tingrett avviste i mai spørsmålet blankt, og dømde Hashin til 16 års fengsel – både for valdtekt og drap på folkehøgskulestudenten.

Bakgrunnen for tvisten er at ein stat ikkje utan vidare kan utlevere ein sikta kriminell før dei veit kva type brotsverk han risikerer å måtte svare for i mottakarlandet.

I Hedda-saka meiner Hashins forsvarar at klienten har påberopt seg det såkalla spesialitetsprinsippet, og at han følgjeleg berre kan retteførast for drapet han har erkjent – og ingenting anna.

Påtalemakta hevdar på si side at Hashin overfor nederlandske styresmakter har gjeve samtykke om forenkla utlevering. Dette betyr at han i så fall har fråskrive seg spesialitetsprinsippet, og at Noreg som mottakarland i prinsippet kan tiltale han for kva det skal vere.

Om juryen skal gjennom ei ny skuldvurdering og straffeutmåling av valdtektstiltalen, blir først avklart etter det sakførebuande rettsmøtet i Gulating førstkommande tysdag.