Gårdagen var årets varmaste dag. Etter ei helg med strålande junisol og temperaturar mellom 20 og 25 grader, toppa det seg i går med rekordhøge 27,5 grader ved Florida vêrstasjon. I dag er det slutt på festvêret, men pausen blir heldigvis kortvarig.

— I dag og i morgon blir det overskya og kjølig, men allereie frå torsdag av skal det lysne opp og bli varmare att, seier vakthavande meteorolog ved Vêrvarslinga på Vestlandet, Karsten Eitrheim.

Dermed ligg alt til rette for ein ny smak på sommaren.

Ein ny høgtrykksrygg med temperaturar i overkant av 20 grader er venta i helga. Rolig vind og lite skyer gjer at det ikkje er noko poeng å legge vekk badebuksene enno.

Året til no har vore bra. Med godvêrsperioden i starten av mai, helgas supervarme og neste helgs finvêr ligg vi godt føre fjoråret. Då måtte vi vente heilt til 30. juni før vi hadde temperaturar over 20 grader.

— Finvêret let verkeleg vente på seg i fjor, det var ofte temperaturar ned mot 10 grader, seier Eitrheim.