— Det er likevel litt underleg dersom det er tale om ei ny kvalitetssikring til 200.000 kroner, noko som blei gjort den gongen Odd Einar Dørum var samferdsleminister, seier Westermann til Bergens Tidende.

Denne helga står den tysk-norske ingeniøren på stand på Etnemarknaden for å promotera sitt kjære jarnbaneprosjekt kalkulert til 28,5 milliardar kroner.

Ein aksept i regjeringa av eit tidvis latterleggjort prosjekt ser 45-åringen som positivt. Men det største gjennomslaget for Haukelibanen skjedde ifølgje Westermann i januar i år då toganlegget blei etablert som Norsk Bane AS med ein aksjekapital på 1,3 millionar kroner. Hovudaksjonærar er kraftkommunane Suldal, Sauda, Odda, Tokke og Vinje.

— Seinare har vi auka aksjekapitalen til knapt to millionar. I løpet av året har eg halde om lag 50 orienteringsmøte om prosjektet, blant anna for Bergen kommune og kontaktutvalet der. Der fekk eg god respons, trass i at byrådsleiar Anne-Grete Strøm-Erichsen for to år sidan meinte eg ikkje trong koma til Bergen, seier Jörg Westermann.

Jörg Westermann har utarbeidd ein detaljert traséplan for den nye jernbanen som skal gå over Haukelifjell via Odda, og med forgreiningar til Haugesund og til Grenland-området. Han meiner det er rimeleg og trygt å byggja jernbane i fjell i Noreg.

Toga skal gå i 300 km i timen, 42 prosent av traseen er i tunnel. Westermann hevdar at Haukelibanen først og fremst blir eit fjerntogtilbod i konkurranse med fly som nesten ikkje vil ta trafikk frå Bergensbanen.