Men tingretten frikjente likevel den promilletiltalte sogningen. No er svaret frå påtalemakta klart — saka blir anka inn for lagmannsretten. Det var i fjor sommar at politiet fekk melding om at mannen i 40-årsalderen truleg ikkje var edru under ein kjøretur i Balestrand kommune.

Mannen både sjangla og vingla, og gjorde fleire påfallande manøvrar undervegs. Politiet fann mannen i djup søvn heime litt seinare, og blodprøva tatt rundt ein time etter at den mistenkelege kjøreturen var over viste 3,06 i promille.

Men i retten hevda mannen at han hadde starta å drikke først etter kjøringa, og meinte å ha bælma i seg rundt ein liter 96 prosent heimebrent.

Men sakkunnig vitne, professor Jørg Mørland frå Folkehelsa, slo fast at eit slikt inntak ville medført rundt 10 i promille og ein svært sannsynleg død. Inntak av berre halvdelen av spriten tiltalte påstod ville resultert i promille på mellom 4 og 5.

Medan fagdommaren i Ytre Sogn tingrett ikkje fann grunn til å feste lit til tiltaltes forklaring, meinte dei to lekdommarane at historia utmerka godt kunne vere sann. Dermed vart tiltalte frikjent for promillekjøring, mot dommarfullmektigens eine røyst.

Men politiet har no bestemt seg for å anke dommen inn for Gulating lagmannsrett, opplyser politifullmektig Nanna Aaby ved Sogn og Fjordane politidistrikt.

— Vi meiner det er grunnlag for å anke både bevisvurderinga og skuldspørsmålet i denne saka, seier Aaby til bt.no.