Den siste tida har det blitt gjort fleire observasjonar av dei svarte revane i øykommunen. Truleg dreiar det seg om ein krysning mellom vanleg raudrev og oppdrettsrev. Det er sett spor av rev like inntil hus.

— Det er tre år sidan vi først la merke til dei. Sidan har det berre auka på. No er desse revane observert over store deler av kommunen, fortel sauebonde Nils Arne Steinsund. I fjor vår opplevde han å misse 20 lam. Enkelte blei tatt på høglys dag, nær tunet på garden.

— Enkelte gonger blei det tatt to lam om dagen, fortel Steinsund.

Også nabobruket miste rundt 20 lam, men det var først seinare i fjorårets beitesesong. Då tok revane også ganske store lam.

Kolsvarte

Folk som har sett revane seier at fargen på dei vaksne dyra er så godt som kolsvart. Berre på halen, og hos enkelte dyr også på beina, er det kvite parti.

— I tillegg er dei ein god del større enn vanleg raudrev, fortel Kjell Olav Steinsund som er leiar i Solund sau- og geitavlslag.

Både sommaren 2001 og i fjor sommar blei det under hijakt tatt bol med reveungar av blandingsrasen. I det eine tilfellet blei også mora tatt. Hoa viste seg å vere raudrev.

— Dette er ein revetype som i alle fall ikkje høyrer heime i vår fauna. Og det er ikkje tvil om at han har tatt seg til rette med raudreven, seier Steinsund.

Likar det ikkje

Ingen kan gje noko sikkert svar på kva type det er snakk om, men dei fleste reknar det som sikkert at det er ein krysning. Til Bergens Tidende seier viltforvaltar Hermund Mjelstad hos fylkesmannen i Sogn og Fjordane at det kan vere ei blanding av sølvrev og raudrev.

— Det mest sannsynlege er at vi har komme i denne situasjonen, fordi revar har rømt frå pelsdyrgardar, meiner Mjelstad.

Både frå Nordfjord og indre deler av Sogn har det vore enkeltobservasjonar av blandingsrasen dei siste åra, men ikkje i så stor skala som frå Solund. Viltforvaltaren legg ikkje skjul på at han likar situasjonen dårleg.

— Generelt er slikt som dette ting vi er veldig redde for. Det viser seg ofte at slike dyr utviklar eit eller anna fortrinn, seier Mjelstad.

Gå på jakt!

— Folk som har sett revane skildrar dei som aggressive?

— Dersom dette er dyr som har vore i oppdrett, er dei mindre sky enn ville revar. Derfor torer dei seg nærare hus og folk.

Mjelstads oppmoding er klar:

— Start jakt på dei svarte revane, seier han. Og dersom dyr blir felt, vil viltforvaltaren ha beskjed.

Men saueeigarane i Solund trur det kan bli ei vanskeleg oppgåve å jakte på svarte revar. Nils Arne Steinsund viser til at landskapet er ope, noko som gjer det vanskeleg å komme nær inn på revane. I tillegg er det lite snø, og dermed vanskeleg å finne spor.

Han fryktar problemet fort kan vekse seg større, og peikar på at rovdyra har god tilgang på mat heile året i Solund:

— Vi må nok passe ekstra godt på til våren.

MISTA 20 LAM: - Dei svarte revane er observert over store deler av kommunen, fortel sauebonde Nils Arne Steinsund, som mista 20 lam i fjor vår.<br/> MAGNE HAMRE (foto)