Det var dåverande Nordfjord tingrett som hausten 2003 frikjente mannen for grov valdsutøving mot ein politibetjent.

I retten var både dommar, psykiatrisk sakkunnig og politiets aktor samde om at den no 38 år gamle mannen hadde hatt ein atypisk reaksjon på alkohol den aktuelle natta.

Alle var samde om at den tiltalte måtte blankt frifinnast.

— Atypisk ikkje avgjerande

Dermed kunne 38-åringen spasere ut av rettslokalet som ein fri mann, trass i den grove valdsutøvinga retten faktisk meinte han hadde begått.

Men i Molde sat 1. statsadvokat Jan Hoel og reagerte reagerte sterkt da han fekk sjå dommen. Hoel anka straks saka inn for Gulating lagmannsrett. Der vart dommen i fjor haust oppheva. Straffesaka mot mannen må dermed starte heilt på nytt, og er no igjen beramma - denne gong i Sunnfjord tingrett.

— Eg har heile tida meint at tiltalte sin påstått atypiske rus ikkje er noko avgjerande punkt i saka. Spørsmålet er om rusen var noko han sjølv hadde påført seg med vitande og vilje, seier Hoel til Bergens Tidende. - Er rusen sjølvforskyldt, så kan den vere så atypisk den berre vil. Det spelar ikkje noko rolle, han må dømmast etter tiltalen dersom bevisa elles held mål.

Hoel vil denne gongen personleg reise til Førde for å aktorere saka når den kjem opp i tingretten 11. oktober i år.

To politifolk, tre vakter

Utgangspunktet for saka er ein romjulsfest i 2002 i Stryn, der tiltalte gjekk på pub etter å ha drukke store mengder alkohol. I forklaringa for retten var det neste han hugsar ei glattcelle, og han var overtydd om at han var kidnappa. Han sprang på døra, huska eit basketak med folk som viste seg å vere ambulansepersonell som ville frakte han til sjukehus.

I retten hugsa mannen ingenting av det som er grunnlaget for tiltalen, nemleg den kraftige valdsbruken mot ein politibetjent som skulle pågripe han.

Ifølgje politibetjenten som aksjonerte verka det som om tiltalte var i si eiga verd, og det var heilt uråd å få kontakt med han.

Rettsmedisinsk leiar

Da politimannen seinare på natta kom inn på cella med ei madrass, prøvde tiltalte desperat å kome seg forbi betjenten og ut døra. I dette basketaket festa han også halsgrep på politibetjenten.

— Det er ingen tvil om at tiltalte ved vold, blant annet spark og tak rundt hald, har prøvd å påvirke politibetjenten slik at han ble hindret i å utførte sin tjenestehandling, heiter det i den frifinnande dommen.

Retten støtta seg til sakkunnig psykiater og la til grunn at tiltalte hadde ein atypisk reaksjon på alkoholinntaket denne kvelden.

Sjølvforskyldt?

Det store spørsmålet er korvidt rusen var sjølvforskyldt.

— Svaret på dette spørsmålet vil avhenge av om alkoholinntaket før hans bevisstløshet inntrådte, var slik at han burde regne med at han kunne miste kontrollen over seg selv. Siden tiltalte tidligere verken har reagert atypisk eller hatt hukommelsestap som følge av alkoholbruk, finner retten at så ikke er tilfelle, skreiv dåverande sorenskrivar i Nordfjord, Gunnar Steintveit, i den frifinnande dommen som seinare vart oppheva.

Når saka skal opp på nytt i tingretten, stiller blant andre leiar for den rettsmedisinske kommisjonen, Randi Rosenquist, som vitne.