• Eg er imponert over meg sjølv, seier Tora Marie Eikemo Sund.

Aldri før har ei kvinne bore så mange staur på stølstreffet på Eikemo i Etne kommune.

24 år gamle Tora Marie Eikemo Sund viste seg å ha hittil ukjende evner.

Ho bar 33 staur.

— Eg er imponert over meg sjølv. Hadde aldri trudd eg skulle klare det, seier Sund til bt.no.

Den gamle rekorden var på 31 staur – sett i fjor sommar.

Staurbering er ein populær sport på støls- og bygdetreff i store delar av landet. Det er ingen komplisert idrett, men det betyr ikkje at det er lett: Du vel deg ut eit tal staur. Desse må berast - alle saman – gjennom ei om lag 20 meter lang løype. Mistar du noko, er det over og ut.

Vinnaren av herreklassen vart Edvard Eikemo.

Det vart også konkurrert i mjølkespannkasting i kveld. Jens Kjetland vann herreklassen med eit kast på 13,9 meter. Blant kvinnene hadde Hanne Eikemo dei mest dyriske kreftene: Ho kasta 10,5 meter.

KJERSTI MJØR (MMS)