JOHN LINDEBOTTEN

john.lindebotten@bt.no

Den gamle dagsrekorden var frå fredag 6. juni 2003, som og var fredag før pinse, då talet på passeringar var 13.728.

Det vart og ny mai-rekord over brua, med 309.452 passeringar. Dette er ein auke på 5,7 prosent i høve til mai 2003. I mai 2003 var det ein nedgang på 0,8 prosent i høve til året før. Etter 5 månader er trafikkauken 3,8 prosent i høve til same periode i 2003. Tek ein omsyn til at det var 29 dagar i februar 2004, er auken pr døger om lag 3,1 prosent.

Det er venta at Nordhordlandsbrua vil vera nedbetalt tidleg i 2006.