Svein Arne Theodorsen (46) — ein fiskarson frå Farsund - blir i ettermiddag innsett som ny prost i Sunnhordland og sokneprest i Stord. Biskop Ole D. Hagesæther utfører handlinga, assistert blant anna av Tysnes-sokneprest Marit Isaksen Espedalen - ein av berre tre kvinnelege prestar i Sunnhordland. Theodorsen har valt ut Isaksen Espedalen for å signalisera si støtte til kvinnelege prestar.- Men elles blir eg vel av mange oppfatta som konservativ i teologiske spørsmål, seier Svein Arne Theodorsen til Bergens Tidende. Han står til dømes på kyrkjefleirtalet si side i synet på homofilt samliv, ei ordning han altså ikkje tykkjer om. Første kyrkjelyd Etter teologiutdanninga ved Menighetsfakultetet får Theodorsen si første ordinære kyrkjelydsstilling på Stord. På 1990-talet har han for det meste hatt leiaroppgåver, blant anna etter å ha studert pedagogikk og organisasjon- og leiingsfag. 46-åringen er i tillegg utdanna janitsjardirigent. Han kjem til den nyrestaurerte prestebustaden på Stord med kone og tre born i alderen 9-18 år.Theodorsen har vore lærarskulelektor på Notodden, landssekretær i Norges kristelige student- og skoleungdomslag -Laget, han var sjef for forlaget Credo i Oslo 1982-1992, rektor ved Lagets bibel- og evangeliseringsstudiesenter i Mandal 1992-1998 og sidan administrasjonssjef i Agder bispedømme.Sørlendingen har også vore stipendiat innan religionspedagogikk, og har vore aktiv innan leiarutvikling i Baltikum, mellom anna er det etablert eit samarbeid med Universitetet i Riga. - Spennande kombinasjon - I Sunnhordland skal eg vera både sokneprest i Stord og leiar for 20 prestar i prostiet. Det er denne spennande kombinasjonen som tiltalar meg, seier nyeprosten.- Eg er oppteken av å tenkja personleg utvikling og vekst for medarbeidarane. Som tilsette i kyrkja må vi stadig tenkja på korleis vi kan gjera ei teneste der vi involverer folk i kyrkjelyden. Vi må ha ei kontinuerleg kompetanseheving på det vi gjer.- I Sunnhordland er mange engasjerte i kyrkje- og bedehusliv. Det er vårt ansvar å gje dei merksemd og oppmuntring på det dei gjer, få fram ressursane i menneska, seier Theodorsen.- Bjørgvin har fokus på leiar- og medarbeidarutvikling. Eg vil prøva ut ein del ting på dette området i Sunnhordland, særleg gjennom å involvera dei unge, seier Svein Arne Theodorsen.