Overføringane har skjedd frå og med rekneskapsåret 2002 og til sist sommar. Transaksjonane skal ha gått begge vegar.

— Ingen har stukke pengar i eigen lomme, understrekar styreleiar Vigdis Ørbech Svorstøl i Butikkeigedomen AS.

Oppdaga i sommar

Utan at ein rekneskapsførar har fullmakter til å gjere slike posteringar, eller at styra for selskapa hadde gått god for det, er slike overføringar ulovlege.

Styreleiar Ørbeck Svorstøl i Butikkeigedomen AS stadfestar at ho i sommar oppdaga at det var gjort posteringar som i praksis gjorde at eigedomsselskapet stod i ei skuld på 63.837 kroner til Fimlandsbua. Styreleiaren karakteriserer det som er gjort som rekneskapstekniske overføringar.

— Men dersom driftsselskapet Fimlandsbua skulle gå konkurs, ville kreditorar kunne krevje bygdefolket for desse pengane. Det såg eg som uheldig, og det var årsaka til at eg tok dette opp. No er det rydda opp i, seier Svorstøl.

Sikre butikken

Eigedomsselskapet Butikkeigedomen blei i 1990 skipa av bygdefolket i Instedalen i Naustdal. Bygdefolket tok over butikklokala i Instedalen for å sikre vidare drift av daglegvarebutikken.

Nokre veker seinare såg selskapet Fimlandsbua AS dagens lys. Dette driftsselskapet skulle drive forretninga og leige butikklokala, men elles stå uavhengig av eigedomsselskapet til bygdefolket.

I tillegg til å vere rekneskapsførar for begge selskapa, er Håkon Myrvang også styremedlem i Butikkeigedomen. Fimlandsbua AS er i dag eigd av Marit Eimhjellen og Helga Astrid Myrvang, kona til den kommande ordføraren.

Dei siste åra har omsetnaden for den vesle - men for bygdefolk viktige - butikken gått nedover. I fjor selde dei varer for 738.000 kroner, og fekk eit driftsresultat på 73.000. Eigedomsselskapet har berre hatt det som nærast er å karakterisere som symbolske leigeinntekter. Men deira kapital er verdien av eigedomen, og etter det Bergens Tidende forstår er det rekneskapsposten for eigendelar som er brukt.

Ettergav gjeld

Etter at Ørbeck Svorstøl i sommar oppdaga posteringane, tok ho saka opp med revisor i selskapet, Roger Hopland i Førde. Det blei laga ein avtale der Fimlandsbua ettergav all gjeld til eigarane.

— Avtalen blei lagt fram for generalforsamlinga i eigedomsselskapet i slutten av august. Årsmøtet fekk der ei orientering om det som var gjort, og aksepterte det utan ordskifte, seier Svorstøl.

— Kva var grunnen til at desse posteringane blei gjort?

— Akkurat det syns eg Håkon Myrvang skal svare på sjølv.

Myrvang ønskte i går ikkje å late seg intervjue av Bergens Tidende om realitetane. Etter at han blei informert og intervjua om saka av Firda, gjekk han til politiet. Han meiner det vil vere uryddig å kommentere det som er blitt ei politisak.

PENGEKRØLL: Påtroppande Naustdal-ordførar Håkon Myrvang (Ap) har overført pengar mellom to uavhengige firma han sjølv har ført rekneskap for ¿ daglegvarebutikken Fimlandsbua AS i Instedalen i Naustdal (biletet) og eigedomsselskapet Butikkeigedomen AS.
oddleiv apneseth