I Øygarden må det gjennomførast ny oppteljing etter valet.

Formannskapsmedlem Otto Harkestad (Ap) opplyser til Kystradioen at det etter valet har kome fram opplysningar som gjer at ein ikkje kan vera heilt sikker på om kandidatkåringa er korrekt.

Ei ny oppteljing vil ikkje gi endringar i talet på representantar på dei ulike listene, men det kan bli endringar i kven som skal representera dei ulike partia og tverrpolitiske listene.

I Øygarden skal det svært lite til for at det kan bli endringar i kven som skal representera KrF, Framstegspartiet og Tverrpolitisk valliste for Øygarden.

I samråd med ordførar Olav Martin Vik, som er bortreist, har Harkestad avgjort at det bli ny oppteljing i Øygarden komande tysdag.

Han tar sjølvkritikk for at formannskapet ikkje godkjente valresultatet i formannskapet dagen etter valet og heller ikkje fekk stilt kritiske spørsmål til måten valet blei gjennomført på.