I perioden 1998–2008 har talet på sjukehusinnleggingar på grunn av skrumplever og alkoholisk leversjukdom gått opp med heile 92 prosent.

Blant menn er talet dobla. Men kvinnene følgjer hakk i hel, viser tal BT har henta inn hos Norsk pasientregister.

– Dette er dramatisk, men ikkje overraskande, seier overlege Svein Skjøtskift ved Avdeling for rusmedisin på Haukeland Universitetssjukehus.

– Vi har venta på dette.

«Moderne» nordmenn

At stadig fleire får skrumplever og leverskadar, meiner Skjøtskift er ein logisk konsekvens av dagens rekordhøge alkoholkonsum i Norge.

For fire år sidan slo Ola og Kari Nordmann den gamle rekorden frå 1856 på 6,3 liter pr. innbyggjar over 15 år.

I fjor drakk vi 6,7 liter rein alkohol i snitt kvar – nær 1 liter meir enn berre seks år tidlegare.

– Dette er veldig mykje alkohol. Drikkemønsteret i Norge er endra dei seinare åra. Vi drikk ikkje berre meir, men oftare. Vi nordmenn trur kanskje det er moderne, seier Skjøtskift.

– Men i Europa er trenden motsett. Der er dei fleste landa opptekne av å avgrense konsumet.

Psykiater og rusforskar Hans Olav Fekjær er heller ikkje overraska over den nye statistikken. Når folk blir meir eksponerte for ein risikofaktor – i dette tilfellet alkohol – aukar normalt også førekomsten av relaterte sjukdommar.

– Forbruk og skrumplever følgjer kvarandre. Dette er ein internasjonal tendens, seier Fekjær.

God målestokk

Rett nok er det ikkje store pasientgrupper som får skrumplever og alkoholiske leverskadar. I 2008-statistikken er det registrert vel 900 innleggingar og 9000 liggedøger. Men skrumplever er ein av få sjukdomar som er ein direkte konsekvens av høgt alkoholinntak.

– Derfor er tala eit godt mål for korleis alkoholforbruket påverkar folkehelsa, når mange drikk mykje meir enn før, seier Skjøtskift.

Over 60 ulike fysiske sjukdomar er knytte til alkoholforbruk, som brystkreft, hjartesjukdom og høgt blodtrykk

– Tal frå Bergen legevakt viser ein sterk auke i alkoholrelaterte skader, særleg blant ungdom, seier Skjøtskift.

– Andre alkoholrelaterte sjukdommar aukar sannsynlegvis også i omfang utan at vi har gode tal på det.

Kvinner på frammarsj

På ti år er stadig fleire kvinner blitt innlagde på sjukehus med skrumplever og alkoholisk leverskade. I 1998 var talet vel 170 kvinner, ti år seinare 360.

  • For kvinner under 50 år er auken 62 prosent i perioden 1998–2008.
  • For kvinner mellom 50 og 66 år er auken 125 prosent.Dei norske tala er i stor grad i samsvar med dei nordiske, opplyser Skjøtskift, men den svenske statistikken for kvinner er høgare enn den norske.

– Blant unge jenter har det vore ein særleg stor auke i alkoholkonsumet. Derfor er det overraskande at dette ikkje gjenspeglar seg i dei norske tala. Forklaringa er sannsynlegvis at det tar lang tid å utvikle skrumplever, seier Skjøtskift.

– Eit politisk ansvar

Det einaste som kan snu den negative utviklinga, seier Skjøtskift, er å avgrense tilgangen på alkohol. Dette er det einaste tiltaket som hjelper i stor skala.

– Det er politikarane som verkeleg kan gjere noko for folkehelsa, og som har dei skarpaste knivane i skuffa. Men det spørst om dei vil bruke dei, fordi mange politikarar trur at det er det mest upopulære ein kan gjere.

I Norge er kvart år mellom 1500 og 2000 dødsfall alkoholrelaterte.

I Finland døydde dobbelt så mange finske menn i alderen 35–39 år av skrumplever i 2007 enn 2001, melder Helsingfors-avisa Helsingin Sanomat.

– Det skal ikkje meir til enn eit par glas vin pr. dag for at leveren blir øydelagd av alkohol, seier overlege og spesialist Martti Färkkilä til avisa.

Dét vil ikkje Skjøtskift heilt vere med på.

– Sjølv om ein ser meir skrumplever blant unge til dømes i England, skal ein som oftast drikke mykje og lenge for å få ein slik sjukdom, forklarar overlegen.

– Men eit par glas om dagen – særleg om glasa er store – aukar risikoen for å få ei heil rekkje andre alvorlege sjukdommar.

Vil ha «kvinneglass»

– Jeg er for likestilling på alle områder unntatt når det gjelder inntak av alkohol, sier klinikksjef Kari Lossius ved Bergensklinikkene.

– Vi kvinner må bare akseptere at vi ikke kan drikke like mye som menn. Vi er rett og slett ikke skapt slik. Kroppene våre tåler det ikke. Klinikksjefen forteller at hun jevnlig holder forelesninger til studenter og russ om alkohol. – Da prøver jeg å innprente de unge at gutter og jenter aldri må dele vinflasken likt mellom seg. Det er en god huskeregel atdet er passelig for en jente å drikke en tredel av en vinflaske på tiden det tar for en gutt å drikke to tredeler av samme flaske.

Lossius mener også at det burde vært innført spesielle «kvinneglass» på restaurant.

Bør restaurantene gå tilbake til de gamle størrelsene 0,3 og 0,5 liter når de serverer øl. Si din mening:

Bjørn Erik Larsen