Det store, raude huset på Vevle på Osterøy kunne trengja litt maling utandørs. Men på innsida er den gamle leirstaden frå 1946 nyoppussa. Sidan i vår har dei to vernepleiarane Arvid Pedersen og Bjørn Inge Storsæter teke i mot born og unge med psykisk utviklingshemming. Nokre er innom tredjekvar veke, andre annakvar helg.

— Me har jobba i administrasjonen i Bergen kommune, og opplevd både fortvila foreldre som ikkje får avlastingsplass og kjent kor fortvilande det er å ikkje ha noko å tilby, seier dei to.

— Så me bestemte oss for å gjera noko fornuftig sjølve, legg Bjørn Inge til.

Plass til fem brukarar

For snart eit år sidan kjøpte dei den gamle leirstaden til Indremisjonen. Dei gamle fleirmannsromma har vorte einmannsrom med raude, gule og blå veggar. Matsalen som hadde plass til 60 etande ungdommar har fått både fjernsyns- og sofakrok i tillegg til spisebord med plass til 12. Bak huset ligg jonsokbålet ein ikkje fekk fyr på i regnet i år. Her skal det på sikt lagast grillplass. På bøen nedanfor beitar hjorten, og i elva er det padlemoglegheiter.

— Førebels har me plass til fem brukarar. Me har sagt nei til rullestolbrukarar, rett og slett fordi soveromma er i andre etasje, seier Arvid.

På sikt er planen å bygga ut ei ny avdeling i det gamle internatbygget.

Har pussa opp sjølve

— Me tok kontakt med både Bergen kommune og nabokommunane. Førebels er det berre born og unge frå Bergen som er her. I følgje sosialtenestelova er kommunane lovpålagt å ha eit avlastingstilbod. Men i Bergen er det lange ventelister, slik at kommunen no kjøper plassar hos oss, seier Arvid.

I sommar var det fullt i Vevlestova. Elles er det fem ungdommar på plass nokre veker, og tomt andre.

— Me har jobba mykje med samansetjinga av dei ulike gruppene. Me prøver også å styra inntaket slik at det er fleire her samstundes, fortel Arvid.

Vevlestova er kjøpt med tryggleik i eigne bustader. Mesteparten av oppussingsarbeidet er gjort av karane sjølv, med god hjelp frå ein far med tømrarbakgrunn og ein dugnadsgjeng som fekk gipsplater opp i alle rom i løpet av ei helg.

— Det er godt å ha kome så langt, seier Bjørn Inge.

PÅ LANDET:- Vår fremste fordel er at me ikkje er i Bergen, seier Bjørn Inge Storsæter. Med turterreng bokstaveleg tala rundt hushjørnet, fotballbane og utsikt til hjort som beitar på nabobøen, ligg Vevlestova idyllisk til på Osterøy. FOTO: ØRJAN DEISZ
SKAL VERTA BAD: I «gamle» dagar var det vasking på rad og rekke. No skal rommet gjerast om til stort bad med plass til badekar. - Dagens unge vil ha litt standard, seier Arvid Pedersen. FOTO: ØRJAN DEISZ
DET GULE ROMMET: Arvid Pedersen og Bjørn Inge Storsæter har slege ned veggar og laga fem ulike brukarrom. Nokre av ungdommane som er innom Vevlestova kan sova kor som helst, medan andre har sin favoritt. Ein gut vil berre ha dette gule rommet. FOTO: ØRJAN DEISZ