Bergenslegen Markus Warncke (37) var blant dei 289 norske pasientane som venta på å få transplantert livsviktige organ.

— Eg vart berre sjukare og sjukare før transplantasjonen. Det var ei skremmande oppleving å sjå TV-bileta av meg sjølv frå den tida, seier Warncke til Bergens Tidende.

Lenge utan rett diagnose

Onsdag startar den første av åtte episodar i ein dokumentarserie om organtrans-plantasjon på TV 2. Blant pasientane vi møter i programma er 37 år gamle Markus Warncke.

Dei første symptoma hans kom allereie i 2001, då Markus opplevde å få akutt trøyttleik, feber og frostrier enkelte kveldar. Plagene gjekk raskt over, for så å vende tilbake med jamne mellomrom.

— Eg er jo sjølv lege, og tenkte mykje på kva det kunne vere. Etter kvart vart eg uroleg, og skjøna at eg trong hjelp av andre legar.

Han er no delvis tilbake i jobben ved Volvat Medisinske senter i Bergen. Men det har vore ein lang veg å gå. Etter å ha konsultert ei rekke spesialistar vart rett diagnose stilt først i 2006: Primær skleroserende kolangitt.

— Det betyr at galle hopar seg opp i blodet, og tilstanden vil på sikt gje alvorleg leversvikt, seier Warncke.

— Det finst inga effektiv behandling utanom transplantasjon.

Telefon på ein laurdag

Normalt kan folk leve mellom ti og tjue år med sjukdommen. På vårparten i fjor hadde Markus vore sjuk i over i ni år.

— Kreftene minka, og eg vart stadig gulare i huda. I mai vart eg delvis sjukmeld, og frå juni av klarte eg ikkje lenger å arbeide, fortel han.

TV 2-dokumentaren viser korleis han levde med sjukdommen den siste tida før operasjonen, og korleis det påverka livet for han, kona Rebekka og dei tre små barna deira.

— Det var ei stor påkjenning å vite at livet mitt var avhengig av transplantasjon. Samtidig visste eg som lege at eg var i dei beste hender her i Norge, og at ventelistene her er kortare enn i mange andre land.

Ut over seinsommaren og hausten vart Markus stadig dårlegare. Han fekk infeksjonar og fleire andre komplikasjonar.

— Eg hadde nok ikkje overlevd så mange fleire månader, seier han i dag.

Les også : 16 døydde i donorkø Ville helst ikkje på TV

Seint om kvelden laurdag 25. september kom telefonen frå Rikshospitalet. Ambulanseflyet stod klart på Flesland.

Sjølve inngrepet tok nær seks timar, og han vart på sjukehuset i Oslo i tre veker.

— Etter to-tre dagar var eg symptomfri, eg hadde fått normal hudfarge og hadde ingen av dei andre plagene.

No har Markus vore gjennom ein lang opptreningsperiode, han er delvis i arbeid og tilbake i full jobb neste månad. I førre veke fekk han sjå episoden der han sjølv spelar hovudrolla.

— Det var skremmande å sjå seg sjølv i den tilstanden, så gul og avmagra.

- Korleis var det å ha TV-teamet så tett innpå i slike kritiske situasjonar?

— I starten var vi veldig tvilande til å delta. Ingen av oss hadde noko ønskje om å framstå på TV. Men vi sa ja fordi vi gjer det for ei god og viktig sak. Dersom ein slik serie gjer folk flest meir merksame og medvitne rundt dette med organdonasjon, så er det verd prisen, seier han.

— Eg håpar denne serien får verkeleg høge sjåartal.