Mangerøy er medlem av Radøy kommunestyre, og har eitt års fartstid som organisatorisk nestleiar i fylkespartiet.

Ho rykker no opp som leiar for resten av to-årsperioden, etter May Britt Vihovde som 1. desember rykte opp frå vervet som politisk nestleiar då Atle Mildestveit trekte seg.

Dei andre i styret er Anders Skoglund (gruppeleiar for Venstre i Bergen bystyre), Helge Kjellevold (leiar av Os Venstre) Sigstein Århus (Radøy), Kari Østervold Toft (Sund), Torstein Hatlevik (Tysnes) og Lars Djupevåg (Kvam).

— Å syte for at borna våre har ein trygg skuleveg er definitiv ein svært viktig kampsak for meg personleg. Eg vonar dette og kan verte ein kampsak for Venstre, seier Mangerøy.

ARNE HOFSETH (MMS)